Trey Gunn | |||
Trey Gunn spelar Warr-gitar med KTU på Tampere Jazz Happening i 2005 | |||
Fødd | 13. desember 1960 (63 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Texas | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1983 - | ||
Sjanger | Eksperimentelt, kunstrock, jazz-fusion, progressiv rock, progressiv metal, verdsmusikk | ||
Instrument | Warr-gitar, Chapman Stick, bandlaus bass, bass, gitarar, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | King Crimson, The Trey Gunn Band, Quodia, TU, KTU, UKZ | ||
Verka som | Musikar |
Trey Gunn (fødd 13. desember 1960) er ein amerikansk musikar, kjend som medlem av progrockbandet King Crimson frå 1994 til 2003, der han spelte Warr-gitar og Chapman Stick.
Han studerte i Guitar Craft hos grunnleggar Robert Fripp og spelte fleire gonger med Robert Fripp og League of Crafty Guitarists. Frå1988 til 1991 turnerte han på Chapman Stick med Toyah Willcox, Robert Fripp og Paul Beavis. I 1992 deltok han på ein turné i lag med David Sylvian og Robert Fripp, før han i 1994 vart med i King Crimson. Her var han del av ein «dobbel trio» der Tony Levin spelte bassinstrument i den andre «trioen». I 1997 vart King Crimson splitta opp i fleire mindre konfigurasjonar kalla ProjeKcts. Gunn og Fripp deltok på alle ProjeKcts-konsertane og innspelingane. Gunn forlet King Crimson i 2003.
Han har òg spelt med mange andre musikarar: Tool, Puscifer, Robert Fripp, Sean Malone og Gordian Knot, David Sylvian, Vernon Reid, John Paul Jones, Eric Johnson, den italienske songaren Alice, Azam Ali, Matt Chamberlain, Michael Brook, Bill Rieflin, David Hykes frå Harmonic Choir og mange fleire. Han har òg gjeve ut fleire soloalbum som Trey Gunn og som leiar av The Trey Gunn Band.
I 2003 grunnla Gunn multimediagruppa Quodia og i 2004 starta han og Pat Mastelotto eit samarbeid med Kimmo Pohjonen og Samuli Kosminen, og danna bandet KTU ut av TU og Kluster. I 2007 byrja han å spele med Eddie Jobson i gruppa UKZ.
Robert Fripp · Adrian Belew · Tony Levin · Pat Mastelotto · Gavin Harrison
Greg Lake · Michael Giles · Ian McDonald · Peter Sinfield · Mel Collins · Gordon Haskell · Andy McCulloch · Rick Kemp · Boz Burrell · Ian Wallace · John Wetton · Jamie Muir · Bill Bruford · David Cross · Richard Palmer-James · Trey Gunn Gjestemusikarar: Peter Giles · Keith Tippett · Mark Charig · Nick Evans · Jon Anderson · Harry Miller · Eddie Jobson | |
Studioalbum | |
Konsertalbum | Earthbound · USA · The Great Deceiver · B'Boom: Live in Argentina · Thrakattak · Epitaph · The Night Watch · Absent Lovers: Live in Montreal · Live at the Marquee · Live at Jacksonville · The Beat Club, Bremen · Live at Cap D'Agde · Cirkus: The Young Persons' Guide to King Crimson Live · King Crimson on Broadway · Live in San Francisco · Live in Mexico City · The ProjeKcts · Live in Central Park, NYC · Heavy ConstruKction · Vrooom Vrooom · Ladies of the Road · EleKtrik: Live in Japan · The Power to Believe Tour Box |
Samleplater | A Young Person's Guide to King Crimson · The Compact King Crimson · Heartbeat: The Abbreviated King Crimson · Frame by Frame: The Essential King Crimson · Sleepless: The Concise King Crimson · The 21st Century Guide to King Crimson, Vol. 1: 1969–1974 · The 21st Century Guide to King Crimson, Vol. 2: 1981–2003 · The Deception of the Thrush: A Beginners' Guide to ProjeKcts · The Beginners' Guide to the King Crimson Collectors' Club · The Condensed 21st Century Guide to King Crimson: 1969–2003 |
Singlar og EPar | «The Court of the Crimson King» · «Cat Food» · «The Night Watch» · «Epitaph» · «Matte Kudasai» · «Elephant Talk» · «Thela Hun Ginjeet» · «Heartbeat» · «Three of a Perfect Pair» · «Sleepless» · Vrooom (EP) · «Dinosaur» · «People» · «Sex Sleep Eat Drink Dream» · Level Five (EP) · Happy with What You Have to Be Happy With (EP) |
ProjeKcts | ProjeKct One · ProjeKct Two · ProjeKct Three · ProjeKct Four · ProjeKct X · ProjeKct Six · Jakszyk, Fripp and Collins |
Tilknytte band | Crimson Jazz Trio · Emerson, Lake & Palmer · Foreigner · Fripp & Eno · Giles, Giles and Fripp · HoBoLeMa · KTU · League of Gentlemen · Liquid Tension Experiment · McDonald and Giles · TU · 21st Century Schizoid Band · UK |