In the Court of the Crimson King Studioalbum av King Crimson | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. oktober 1969 | |
Innspelt | Juni til august 1969 | |
Studio | Wessex Sound Studios i London | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 43:56 | |
Selskap | Island Records, Atlantic Records | |
Produsent | King Crimson | |
King Crimson-kronologi | ||
---|---|---|
In the Court of the Crimson King | In the Wake of Poseidon (1970)
| |
Singlar frå In the Court of the Crimson King | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
All About Jazz | [1] |
AllMusic | [2] |
Mojo | [3] |
The Village Voice | (D+)[4] |
In the Court of the Crimson King er debutalbumet til den britiske progrockgruppa King Crimson. Albumet nådde femteplassen i Storbritannia og selde til gullplate i USA.[5]
Albumet vert generelt rekna som eit av dei sterkaste innan sjangeren progressiv rock, der King Crimson i stor grad tok bort det blues-baserte grunnlaget i rock og blanda det med element av jazz og klassisk symfonimusikk.
Albumet vart mastra på ny og gjeven ut på vinyl og CD fleire gonger i 1980- og 1990-åra. Alle desse versjonane er baserte på fleire generasjonar kopar av dei originale lydbanda. Ein trudde lenge at dei originale lydbanda var gått tapt, men dei vart omsider funnen i eit lager i 2003. Dette har ført til CD-versjonar med langt betre lyd sidan.
Barry Godber (1946–1970), ein dataprogrammerar, måla plateomslaget. Gober døydde i februar 1970 av hjarteattakk, kort tid etter albumet kom ut. Det vart det einaste måleriet han måla, i dag eigd av Robert Fripp.[6][7] Fripp hadde dette å sei om Godber:
« | Peter tok med seg dette måleriet og bandet elska det. Eg tok nyleg originalen frå kontora til EG, fordi dei hadde det framme i altfor skarpt lys, slik at det kunne bli øydelagd. Andletet på utsida er 'Schizoid Man', og på insida er det 'Crimson King'. Om du dekkjer over det smilande andletet, syner augo ei vanvittig sorg. Kva kan du legge til? Det reflekterer musikken.[8] | » |
Dei første innspelingane for albumet vart gjort tidleg i 1969 med produsent Tony Clarke, mest kjend for arbeidet sitt med The Moody Blues. Etter at desse innspelingane ikkje fungerte, fekk bandet lov å gjere produksjonsjobben aleine. Albumet art spelt inn på ein 8-kanals lydbandopptakar i Wessex Sound Studios i London, med Robin Thompson som lydteknikar. Det tok mange timar med overdubbing for å bygge opp orkesterlyden med fleire lag av Mellotron og treblåseinstrument spelt av Ian McDonald.
Kort tid etter innspelinga var ferdig i 1969 vart det oppdaga at innspelingshovuda på stereoopptakaren ikkje var rett innstilt. Mangel på høgre frekvensar og uønskt forvrenging påverka derfor delar av albumet, mest tydeleg på «21st Century Schizoid Man». Dei originale masterlydbanda vart arkivert og gløymt i mange år. Det vart laga ein kopi av lydbanda for den første amerikanske utgjevinga av albumet der dei prøvde å rette på nokre av lydproblema.
Då albumet først kom varierte kritikarane frå dårleg til bra. Robert Christgau hata albumet og kalla det «kunstskit».[4] Rolling Stone var meir positiv og skreiv «dei har kombinert aspekt av mange musikkformer og skapt eit surrealistisk verk med kraft og orginalitet.»[9]
Albumet har sidan fått status som ein klassikar og Allmusic skriv om det: «som om det var noko profetisk, kasta King Crimson ut ei mørkare og skarpare form for post-psykedelisk rock».[2]
I boka si Rocking the Classics frå 1997, skriv Edward Macan at In the Court of the Crimson King «kan vere det mest innverknadstunge progressive rockealbumet som nokon gong er komen ut».[10] Pete Townshend i The Who har kalla albumet «eit fabelaktig meisterverk».[11] I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock vart albumet plassert på fjerdeplassen på lista deira «40 Cosmic Rock Albums».[12] Albumet vart kåra til eit av «50 albumet som bygde progrock» i Classic Rock.[13] I 2014 kåra lesarane av Rhythm albumet til det åttande beste trommealbumet i historia til progressiv rock.[14] I 2015 kåra Rolling Stone In the Court of the Crimson King til det nest beste progrockalbumet gjennom tidene, etter Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon.[15] Albumet er òg med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[16]
Albumet kom ut på ny på LP og CD i 1980- og 1990-åra på Polydor og EG Records. Lydbanda som var nytta var tredjegenerasjonskopiar av den opphavlege kopien av lydbanda. Dette førte til at lyden ikkje var så skarp som den kunne vore og at ein fekk uønskt susing med. Dei originale lydbanda vart oppdaga i 2003 og i 2004 kom ein HDCD-versjon ut på Fripp sin eigen Discipline Global Mobile. Denne utgåva hadde langt betre lydkvalitet. I 2009 kom ei 40-årsjubileumsutgåve, miksa i kringlyd.[17][18] There are three different versions: a two-CD set, a CD+DVD set and a six-disc (5CD/1DVD) box.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «21st Century Schizoid Man» | Fripp, McDonald, Lake, Giles, Sinfield | 7:21 |
2. | «I Talk to the Wind» | McDonald, Sinfield | 6:05 |
3. | «Epitaph» | Fripp, McDonald, Lake, Giles, Sinfield | 8:47 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
4. | «Moonchild» | Fripp, McDonald, Lake, Giles, Sinfield | 12:13 |
5. | «The Court of the Crimson King» | McDonald, Sinfield | 9:25 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «21st Century Schizoid Man» (2009-miks) | 7:24 |
2. | «I Talk to the Wind» (2009-miks) | 6:00 |
3. | «Epitaph» (2009-miks) | 8:52 |
4. | «Moonchild» (Forkorta versjon; 2009-miks) | 9:02 |
5. | «The Court of the Crimson King» (2009-miks) | 9:20 |
6. | «Moonchild» (bonusspor - full versjon) | 12:13 |
7. | «I Talk to the Wind» (bonusspor - Duo-versjon) | 4:54 |
8. | «I Talk to the Wind» (bonusspor - alternativ miks) | 6:34 |
9. | «Epitaph» (bonusspor - bakgrunnsspor) | 9:02 |
10. | «Wind Session» | 4:28 |
Total lengd: | 1:17:49 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «21st Century Schizoid Man» (ommaster frå 2004) | 7:23 |
2. | «I Talk to the Wind» (ommaster frå 2004) | 6:03 |
3. | «Epitaph» (ommaster frå 2004) | 8:48 |
4. | «Moonchild» (ommaster frå 2004) | 12:12 |
5. | «The Court of the Crimson King» (ommaster frå 2004) | 9:25 |
6. | «21st Century Schizoid Man» (Instrumental) | 6:46 |
7. | «I Talk to the Wind» (BBC-innspeling) | 4:40 |
8. | «21st Century Schizoid Man» (BBC-innspeling) | 7:11 |
9. | «The Court of the Crimson King (Part 1)» (singelversjon i mono) | 3:22 |
10. | «The Court of the Crimson King (Part 2)» (singelversjon i mono) | 4:30 |
Total lengd: | 1:10:20 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «21st Century Schizoid Man» (ommaster frå 2004) | 7:24 |
2. | «I Talk to the Wind» (ommaster frå 2004) | 6:00 |
3. | «Epitaph» (ommaster frå 2004) | 8:52 |
4. | «Moonchild» (ommaster frå 2004) | 9:02 |
5. | «The Court of the Crimson King» (ommaster frå 2004) | 9:20 |
6. | «21st Century Schizoid Man» (2009-miks) | 7:24 |
7. | «I Talk to the Wind» (2009-miks) | 6:00 |
8. | «Epitaph» (2009-miks) | 8:52 |
9. | «Moonchild» (2009-miks) | 9:02 |
10. | «The Court of the Crimson King» (2009-miks) | 9:20 |
11. | «21st Century Schizoid Man» (original masterutgåve frå 2004) | 7:24 |
12. | «I Talk to the Wind» (original masterutgåve frå 2004) | 6:05 |
13. | «Epitaph» (original masterutgåve frå 2004) | 8:48 |
14. | «Moonchild» (original masterutgåve frå 2004) | 12:13 |
15. | «The Court of the Crimson King» (original masterutgåve frå 2004) | 9:23 |
16. | «Moonchild» (ekstra lydinnhald - full versjon) | 12:13 |
17. | «I Talk To The Wind» (ekstra lydinnhald - duo-versjon) | 4:54 |
18. | «I Talk To The Wind» (ekstra lydinnhald - alternativ miks) | 6:34 |
19. | «Epitaph» (ekstra lydinnhald - bakgrunnsspor) | 9:02 |
20. | «Wind Session» (ekstra lydinnhald) | 4:28 |
21. | «21st Century Schizoid Man» (Alternativt album - Instrumental) | |
22. | «I Talk to the Wind» (Alternativt album - studiogjennomkøyring) | |
23. | «Epitaph» (Alternativt album - alternativ versjon) | |
24. | «Moonchild» (Alternativt album - opptak 1) | |
25. | «The Court of the Crimson King (Part 2)» (Alternativt album - opptak 3) | |
26. | «21st Century Schizoid Man» (video innhald - redigert) |
King Crimson
Prroduksjon
Liste (1969–1970) | Plassering |
---|---|
Canada Top Albums/CDs (RPM)[20] | 27 |
Britiske album (OCC)[21] | 5 |
US Billboard 200[22] | 28 |
Robert Fripp · Adrian Belew · Tony Levin · Pat Mastelotto · Gavin Harrison
Greg Lake · Michael Giles · Ian McDonald · Peter Sinfield · Mel Collins · Gordon Haskell · Andy McCulloch · Rick Kemp · Boz Burrell · Ian Wallace · John Wetton · Jamie Muir · Bill Bruford · David Cross · Richard Palmer-James · Trey Gunn Gjestemusikarar: Peter Giles · Keith Tippett · Mark Charig · Nick Evans · Jon Anderson · Harry Miller · Eddie Jobson | |
Studioalbum | |
Konsertalbum | Earthbound · USA · The Great Deceiver · B'Boom: Live in Argentina · Thrakattak · Epitaph · The Night Watch · Absent Lovers: Live in Montreal · Live at the Marquee · Live at Jacksonville · The Beat Club, Bremen · Live at Cap D'Agde · Cirkus: The Young Persons' Guide to King Crimson Live · King Crimson on Broadway · Live in San Francisco · Live in Mexico City · The ProjeKcts · Live in Central Park, NYC · Heavy ConstruKction · Vrooom Vrooom · Ladies of the Road · EleKtrik: Live in Japan · The Power to Believe Tour Box |
Samleplater | A Young Person's Guide to King Crimson · The Compact King Crimson · Heartbeat: The Abbreviated King Crimson · Frame by Frame: The Essential King Crimson · Sleepless: The Concise King Crimson · The 21st Century Guide to King Crimson, Vol. 1: 1969–1974 · The 21st Century Guide to King Crimson, Vol. 2: 1981–2003 · The Deception of the Thrush: A Beginners' Guide to ProjeKcts · The Beginners' Guide to the King Crimson Collectors' Club · The Condensed 21st Century Guide to King Crimson: 1969–2003 |
Singlar og EPar | «The Court of the Crimson King» · «Cat Food» · «The Night Watch» · «Epitaph» · «Matte Kudasai» · «Elephant Talk» · «Thela Hun Ginjeet» · «Heartbeat» · «Three of a Perfect Pair» · «Sleepless» · Vrooom (EP) · «Dinosaur» · «People» · «Sex Sleep Eat Drink Dream» · Level Five (EP) · Happy with What You Have to Be Happy With (EP) |
ProjeKcts | ProjeKct One · ProjeKct Two · ProjeKct Three · ProjeKct Four · ProjeKct X · ProjeKct Six · Jakszyk, Fripp and Collins |
Tilknytte band | Crimson Jazz Trio · Emerson, Lake & Palmer · Foreigner · Fripp & Eno · Giles, Giles and Fripp · HoBoLeMa · KTU · League of Gentlemen · Liquid Tension Experiment · McDonald and Giles · TU · 21st Century Schizoid Band · UK |