21st Century Schizoid Man Singel av King Crimson frå albumet In the Court of the Crimson King | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. oktober 1969 | |
Innspelt | 1. og 20–21. august 1969 | |
Sjanger | ||
Lengd | 7:20 | |
Selskap | Island | |
Komponist | Michael Giles, Robert Fripp, Ian McDonald, Greg Lake | |
Tekstforfattar | Peter Sinfield | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | King Crimson | |
King Crimson-kronologi | ||
«The Night Watch» (1974) |
21st Century Schizoid Man | «Matte Kudasai» (1984)
|
«21st Century Schizoid Man» er ein song av progrockbandet King Crimson frå debutalbumet deira In the Court of the Crimson King.
Teksten på «21st Century Schizoid Man» består hovudsakleg av usamanhengande setningar og ei rekkje bilete. Alle dei tre versa følgjer eit mønster som presenterer desse bileta. Den første linja av kvart vers er relativ vage bilete (t.d. «iron claw», «death seed»). Den andre linja er eit enkelt bilete, ofte meir spesifikt enn dei første to, og den tredje linja er ei faktisk setning. Den fjerde og siste linja i kvart vers er «21st century schizoid man».
Songen referer til Vietnamkrigen som til dømes «innocents raped with napalm fire» og «politicians' funeral pyre». Før songen vart spelt på ein konsert 14. desember 1969 (som ein kan høyre på konsertalbumet Epitaph), seier Fripp at songen var tileigna «ein amerikansk politisk personlegdom som me alle kjenner og liker så godt. Han heiter Spiro Agnew».
Musikalsk er songen kjend for den kraftig forvrengde vokalen sungen av Greg Lake, ein drivande mekanisk rytme og gjennomtrengande høglydt saksofon og gitar, i lag med ein instrumental midtre del kalla «Mirrors». Det meste av songen er i anten 4/4 eller 6/8 time, utanom slutten av songen som har fri takt.
King Crimson heldt fram å spele songen etter at Greg Lake forlet King Crimson i 1970 for å danne Emerson, Lake & Palmer. Han finst på fire konsertalbum frå fire forskjellige versjonar av bandet, først sungen av Lake på Epitaph, så av Boz Burrell på Earthbound (1972), av John Wetton på USA (1974), og av Adrian Belew på Vrooom Vrooom (2001, opptak frå 1996). I 1993 spelte Emerson, Lake & Palmer ein versjon av songen for plateboksen The Return of the Manticore.
Andre band som har spelt inn songen er mellom andre Flower Travellin' Band, Premiata Forneria Marconi, Entombed, Edge of Spirit, Von Hertzen Brothers, Voivod, Unrest, Afterhours, The Tangent, Savage Republic, Forbidden, Suck, April Wine, Let 3, Cripple Bastards, Les Fradkin, Greg Lake med Gary Moore på gitar, Talas, Ozzy Osbourne, Jeffrey Fayman, Shining, Gov't Mule, Noir Désir og The String Cheese Incident.
Songen vart sampla av Kanye West for songen «Power» frå albumet hans My Beautiful Dark Twisted Fantasy 2010.[1], og av RJD2 for remiksen hans av Aesop Rock sin «Kill 'Em All».
Ein del av teksten er nytta i songen «21st Century (Digital Boy)» av punkrockbandet Bad Religion.
Robert Fripp · Adrian Belew · Tony Levin · Pat Mastelotto · Gavin Harrison
Greg Lake · Michael Giles · Ian McDonald · Peter Sinfield · Mel Collins · Gordon Haskell · Andy McCulloch · Rick Kemp · Boz Burrell · Ian Wallace · John Wetton · Jamie Muir · Bill Bruford · David Cross · Richard Palmer-James · Trey Gunn Gjestemusikarar: Peter Giles · Keith Tippett · Mark Charig · Nick Evans · Jon Anderson · Harry Miller · Eddie Jobson | |
Studioalbum | |
Konsertalbum | Earthbound · USA · The Great Deceiver · B'Boom: Live in Argentina · Thrakattak · Epitaph · The Night Watch · Absent Lovers: Live in Montreal · Live at the Marquee · Live at Jacksonville · The Beat Club, Bremen · Live at Cap D'Agde · Cirkus: The Young Persons' Guide to King Crimson Live · King Crimson on Broadway · Live in San Francisco · Live in Mexico City · The ProjeKcts · Live in Central Park, NYC · Heavy ConstruKction · Vrooom Vrooom · Ladies of the Road · EleKtrik: Live in Japan · The Power to Believe Tour Box |
Samleplater | A Young Person's Guide to King Crimson · The Compact King Crimson · Heartbeat: The Abbreviated King Crimson · Frame by Frame: The Essential King Crimson · Sleepless: The Concise King Crimson · The 21st Century Guide to King Crimson, Vol. 1: 1969–1974 · The 21st Century Guide to King Crimson, Vol. 2: 1981–2003 · The Deception of the Thrush: A Beginners' Guide to ProjeKcts · The Beginners' Guide to the King Crimson Collectors' Club · The Condensed 21st Century Guide to King Crimson: 1969–2003 |
Singlar og EPar | «The Court of the Crimson King» · «Cat Food» · «The Night Watch» · «Epitaph» · «Matte Kudasai» · «Elephant Talk» · «Thela Hun Ginjeet» · «Heartbeat» · «Three of a Perfect Pair» · «Sleepless» · Vrooom (EP) · «Dinosaur» · «People» · «Sex Sleep Eat Drink Dream» · Level Five (EP) · Happy with What You Have to Be Happy With (EP) |
ProjeKcts | ProjeKct One · ProjeKct Two · ProjeKct Three · ProjeKct Four · ProjeKct X · ProjeKct Six · Jakszyk, Fripp and Collins |
Tilknytte band | Crimson Jazz Trio · Emerson, Lake & Palmer · Foreigner · Fripp & Eno · Giles, Giles and Fripp · HoBoLeMa · KTU · League of Gentlemen · Liquid Tension Experiment · McDonald and Giles · TU · 21st Century Schizoid Band · UK |