Vasspest | |
![]() Vasspest | |
Status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: Framandart med svært høg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vassgroordenen Alismatales |
Familie: | Froskebitfamilien Hydrocharitaceae |
Slekt: | Vasspestslekta Elodea |
Art: | Vasspest E. canadensis |
Vitskapleg namn | |
Elodea canadensis Michx., 1803
|
Vasspest (Elodea canadensis) er ein fleirårig vassplante i froskebitfamilien.[1][2] Han er opphavleg utbreidd i mesteparten av Nord-Amerika, men har òg vorte særs vanleg i Europa.[1] Den norske Framandartslista 2023 reknar han som ein framand art med svært høg risiko (SE) for økologiske skadeverknader.[3]
Vasspesten veks under vatn og står oppreist. Blada er om lag 1 cm lange og 2 mm breie, er mørkt grøne på farge og sit motsett eller i tretalskransar langsetter den lange og slakke stengelen. Ho-blomen har raude begerblad og kvite kronblad, og er om lag 4 mm brei. Han vert pollinert av vatnet, men det er ikkje kjend seksuell reproduksjon frå Norden. Vegetativ spreiing – avleggarar og liknande – er derimot eit stort problem; små plantedelar spreiar seg via vatn, båtar, fugl, fiskeutstyr og utslepp frå akvarium.
Vasspesten vart først funnen i Europa i 1817, då han vart innført til Irland. I Noreg vart han innført i 1925 i Østensjøvannet i Oslo. Sidan då har han spreidd seg langs kysten til Rogaland og nordover til mjøsområdet.
Ein finn vasspesten helst i næringsrike vatn og dammar. Han er ein god konkurrent om ressursane, og utkonkurrerar lett mange andre vassplantar. Det er registrert store kortsiktige skadeverknadar på det biologiske mangfaldet i økosystema han har trengd seg inn i. Forskarar trur likevel at økosystema vil stabilisera seg til slutt
Det er forbod mot import, omsetjing, hald og utsetjing av vasspest i Noreg. Forbodet gjeld òg den skylde arten smal vasspest.[4]