Kvit nykkerose, smal vasspest og blanktjønnaks i Tyskland.

Vassplantar er plantar som er tilpassa til å veksa i vatn. Dette krev fleire særskilde tilpassingar, og fører til at få vassplantar kan veksa utanfor vatn eller permanent fuktige omgjevnadar. Karplantar som veks i vatn kan omfatta både karsporeplantar og dekkfrøingar.

Tang og tare er ikkje karplantar, men fleircella makroalgar; noko som gjer at me oftast ikkje reknar dei med i kategorien.

Til skilnad frå landplantar har vassplantar få problem med å ta opp vatn, noko som naturleg nok kjem av vassmengdene i miljøet deira. Dette tyder at plantane har mindre behov til å regulera vassopptaket sitt - dette ville kosta meir energi enn det dei ville tena på det.

Fysiologiske tilpassingar

Vekstformer i ferskvatn

Plantar som veks i ferskvatn finst i ei rekkje vekstformer. Denne oversikta tek for seg korleis dei høgare plantane i ein innsjø veks, rangert frå heilt grunt vatn og utover mot djupare delar av vatnet. Algar og moser vert ikkje rekna med.

Kvit nykkerose Nymphaea alba er ein flytebladsplante.

Helofyttar eller sumpplantar veks inst i strandsona. Dette er plantar som har rota si i blaut jord eller i botnen på grunt vatn, men som har stengel med blad og blomar/sporar over vassflata. Døme på dette kan vera takrøyr, sumpmaure, sløkje og mjødurt. Mange helofyttar veks òg andre stadar enn berre i samband med sjøar, t.d. kan ein finna dei på myrer eller på fuktig skogbotn.

Isoetidar eller kortskotsplantar veks på botnen av ein sjø og har sjeldan noko særleg til stengel. Blada veks ofte i rosettar. Eit norsk døme på dette er botnegras Lobelia dortmanna.

Elodeidar eller langskotsplantar har lange stenglar under vatn, men manglar flyteblad. Somme av dei flyt fritt, andre har rotfeste i botn. Vanlege artar innanfor denne kategorien er vasspest, elvesnelle, sjøsivaks og flaskestorr.

Nymfeidar eller flytebladsplantar veks med rota si på botnen av innsjøen, og har flytande blad på overflata. I Noreg er gul og kvit nykkerose dei mest kjende, men tjønnaks-artane er òg vanlege.

Lemnidar er plantar som flyt fritt i vasskorpa utan å ha kontakt med botnen. Desse er oftast ganske små, og finst helst i næringsrike vatn. Døme på dette er andematslekta.

Bruk

Javabregne, Microsorium pteropus, ei vanleg akvarieplante

Mange vassplantar vert brukt eller har vorte brukt som ei kjelde til mat for menneske og husdyr. Eit mykje brukt døme er ris, som rett nok opphavleg ikkje voks i vatn. Plantar som vasskastanjar, taro og til ein viss grad vasspest er òg etande, og vert mykje brukt som mat.

I akvarium vert vassplantar brukt både til pynt og til å produsera oksygen. Eit godt beplanta akvarium treng mindre stell enn eit med få plantar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Vassplante