Wind on the Water Studioalbum av Crosby & Nash | ||
Utgjeve | 15. september 1975 | |
Innspelt | Rudy Records, San Francisco, CA Sound Labs and Village Recorders, Los Angeles, CA | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 40:57 | |
Selskap | ABC Records (1975) MCA Records (2000) | |
Produsent | David Crosby, Graham Nash, Stephen Barncard | |
Crosby & Nash-kronologi | ||
---|---|---|
Graham Nash/David Crosby (1972) |
Wind on the Water | Whistling Down the Wire (1976)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Wind on the Water er det andre studioalbumet til Crosby & Nash, gjeve ut på ABC Records i 1975. Kassett- og 8-sporslydbandutgåvene av albumet vart distribuerte av Atlantic Records, som Crosby, Stills, Nash & Young hadde kontrakt med. Albumet nådde sjetteplassen på Billboard 200-lista og selde til gullplate i USA.[2] Tre singlar vart gjevne ut frå albumet, «Carry Me,» «Take the Money and Run» og «Love Work Out». Berre den første av desse gjekk inn på lista, ein 52. plass på Billboard Hot 100-lista.[3]
Etter sommarturneen i 1974 til Crosby, Stills, Nash & Young, prøvde kvartetten å spele inn eit nytt CSNY-album. Som forsøket deira i 1973 vart det aldri noko av, men songen «Through My Sails» kom ut i 1975 på albumet Zuma av Neil Young. Kvartetten gjekk så kvart til sitt og Young skipa ein ny versjon av Crazy Horse for å spele inn Zuma, og Stephen Stills tok opp att solokarrieren sin med eit nytt album tidleg i 1975. David Crosby og Graham Nash valde å slå seg saman att slik dei hadde gjort på turneane i 1971 og 1973 og på albumet Graham Nash David Crosby i 1972. Denne gongen signerte dei ein avtale for tre album på ABC Records.
Som på det første albumet deira, vart dei i hovudsak akkompagnert av ei gruppe studiomusikarar som kalla seg The Section. Denne kvartetten bestod av klaverspelaren Craig Doerge, gitaristen Danny Kortchmar, bassisten Leland Sklar og trommeslagaren Russell Kunkel, i tillegg til multiinstrumentalist David Lindley og bassisten Tim Drummond, som av Crosby vart kalla 'The Mighty Jitters' og som spelte med duoen både i studio og på scenen resten av tiåret. Albumet vart spelt inn i Rudy Recorders i San Francisco, og Sound Lab og Village Recorders i Los Angeles.
Crosby og Nash var no i midten av 30-åra og byrja å utforske mørkare tema i tekstane for dette albumet. «Carry Me» refererer til dødsfallet til mora til Crosby, medan «Wind on the Water» er ei klagande bøn som omhandla kvalfangst. Som vanleg var det òg songar om personlege konfliktar og vener: «Mama Lion» var visstnok om Joni Mitchell; «Cowboy of Dreams» om Young og «Take the Money and Run» handla dei økonomiske følgjene av den store CSNY-turneen i 1974.
To songar vart skrivne av Nash og Crosby i lag for første gongen.
Wind on the Water kom ut på CD 11. januar 2000 på MCA Records. Den 24. april 2001 vart albumet gjeve ut på ny som Bittersweet på det europeiske billigmerket Hallmark Records frå eit andregenerasjons masterlydband og berre gjeve ut i Europa. Kring 2002 vart albumet gjeve ut i Nederland under tittelen The Magic Collection: Crosby and Nash, på lavbudsjettsselskapet ABC Records, i serien «The Magic Collection». Ei vinylutgåve av albumet kom ut på Invisible Hands Music i august 2016.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Carry Me» | David Crosby | 3:35 |
2. | «Mama Lion» | Graham Nash | 3:17 |
3. | «Bittersweet» | David Crosby | 2:39 |
4. | «Take the Money and Run» | Graham Nash | 3:23 |
5. | «Naked in the Rain» | David Crosby, Graham Nash | 2:27 |
6. | «Love Work Out» | Graham Nash | 4:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Low Down Payment» | David Crosby | 4:54 |
2. | «Cowboy of Dreams» | Graham Nash | 3:30 |
3. | «Homeward Through the Haze» | David Crosby | 4:06 |
4. | «Fieldworker» | Graham Nash | 2:47 |
5. | «To the Last Whale...» (A. Critical Mass B. Wind on the Water) | David Crosby, Graham Nash | 5:33 |