Dolgansk
Дулҕан
Klassifisering Tyrkiske språk
 Nordtyrkisk
  Dolgansk
Bruk
Tala i Russland
Område Krasnojarsk kraj
Dolgansktalande i alt 1 000[1]
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem Kyrillisk alfabet
Språkkodar
ISO 639-3 dlg


Dolgansk er eit språk i den nordtyrkiske gruppa av de tyrkiske språka, og det næraste slektspråket er sakha. Det har rundt 1 000 talarar på Tajmyrhalvøya i Russland.[2]

Dolganarane skil seg frå sakhafolk ved at dei driv med reindrift, og i alle fall før Oktoberrevolusjonen var dei nomadiske. Språkleg er skilnaden gruppene i mellom så liten at ein viktig grunn til at dei blir rekna som to språk den etnografiske skilnaden dei i mellom.

På same måte som finsk, ungarsk og tyrkisk har dolgansk vokalharmoni, det er agglutinerande, og har ikkje kjønn. Ordstillinga er som regel subjekt–objekt–verb.

Skriftsystem

Dolgansk fekk skriftspråk rundt 1920, basert på det latinske alfabetet. Etter omlegginga til kyrillisk i 1937 fekk dolgansk eit nytt alfabet, med desse tilleggsbokstavane og digrafane, Дь дь, Һ һ, Ҥ ҥ, Нь нь, Ө ө, Ү ү, i tillegg til det vanlege kyrilliske а-я.

Publikasjonar

I Dudinka kjem det ut ei avis, Tajmyr, som regelmessig publiserer på dolgansk.

Kjelder

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
  2. «Dolgan language, pronunciation and language». www.omniglot.com. Henta 2. februar 2017. 

Bibliografi

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.