Tsjuvasjisk
чăваш чěлхи, tsjavasj tsjelkhi
Klassifisering Altaisk
 Tyrkisk
  Bolgarsk
   Tsjuvasjisk
Talarar tsjuvasjar
Bruk
Tala i  Russland
Skriftsystem Det kyrilliske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i  Russland Tsjuvasjia (Russland)
Språkkodar
ISO 639-1 cv
ISO 639-2 chv
ISO 639-3 chv
Glottolog chuv1255
Wikipedia på tsjuvasjisk

Tsjuvasjisk er språket til tsjuvasjane (ikkje å forveksle med tsjuvanarane, som held til i det nordaustlege Sibir) og det offisielle språket i den tsjuvasjiske republikken i Sentral-Russland. Det er det einaste levande førbulgarske språket i den tyrkiske språkfamilien.

Ved folketeljinga i 2010 var det 1 043 000 menneske som snakka tsjuvasjisk i Russland, ned frå 1 325 000 i 2002.[1] Eit anslag frå 1993 var på 1 774 000 menneske.

Wikipedia-logoen på tsjuvasjisk

Skrift

Tsjuvasjisk blir skrive med det tsjuvasjiske alfabetet, som er eit kyrillisk alfabet avleidd av det russiske. Tsjuvasjisk har likevel brukt mange ulike skriftsystem, frå ei runeskrift i før-islamsk tid, til det arabiske alfabetet, til tsjuvasjane slutta å skriva etter å ha blitt invaderte av mongolane.

Det moderne skriftspråket blei skapt av I. Ja. Jakovlev i 1873. Det blei revidert i 1938, og i dag blir den reviderte forma brukt.

Fonologi

Segmental fonologi

Konsonantane i tsjuvasjisk er (med kyrilliske bokstavar i parantes): /p/ (п), /t/ (т), /k/ (к), /t͡ɕ/ (ч), /s/ (с), /ʂ/ (ш), /ɕ/ (ҫ), /χ/ (х), /ʋ/ (в), /m/ (м), /n/ (н), /l/ (л), /r/ (р), /j/ (й).

Tsjuvasjisk har åtte vokalfonem. Krueger (1961) sett dei opp i eit system tilsvarande det for tyrkisk:

Fremre Bakre
Urunda Runda Urunda Runda
Høg i ⟨и⟩ y ⟨ӳ ɯ ⟨ы⟩ u ⟨у⟩
Låg e ⟨е⟩ ø̆ ⟨ӗ⟩ а ⟨а⟩ ŏ ⟨ӑ⟩

Suprasegmental fonologi

Tsjuvasjisk har, som dei fleste andre tyrkiske språk, vokalharmoni. I tsuvasjisk har suffiksa to versjonar, ein med fremre vokalar, og ein med bakre vokalar. Vokalane i tabellen ovanfor står altså parvis til kvarandre. Lokativ er dermed bakre -ta eller fremre -te, alt etter rotvokalen i stammen: Шупашкарта (Tsjeboksjary.Lok) vs. килте "heime (heim.Loc)".

Morfologi

Pronomen

Nominativ Objektiv Lokativ
eg эпĕ (эп) мана манпа
du эсĕ (эс) сана санпа
han, ho det вăл уна унпа
vi эпир пире пирĕнпе
dokker эсир сире сирĕнпе
dei вĕсем вĕсене вĕсемпе

Syntaks

Tsjuvasjisk er, som dei andre tyrkiske språka, og som nabospråket marisk, eit SOV-språk. I komplekse verbkonstruksjonar kjem hjelpeverbet til slutt.

Nominalfrasen har rekkjefølgja Genitiv / Determinativ - adjektiv - substantiv(-possessivsuffiks).

Tsjuvasjisk har postposisjonar.

Leksikon

Talord

0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
нуль пĕрре, пер иккĕ виççĕ тăваттă пиллĕк улттă çиччĕ саккăр тăххăр вуннă
11 20 30 40 50 60 70 80 90 100 1000
вунпĕр çирĕм вăтăр хĕрĕх аллă утмăл çитмĕл сакăрвуннă тăхăрвуннă çĕр пин

Årstal blir skrive rett fram: 1926 — пин те тăхăр çĕр çирĕм улттă.

Litteratur

Om lag samstundes som ein sette i gang å laga eit tsjuvasjisk skriftspråk, tok ein òg til å interessera seg for den munnlege litteraturen til tsjuvasjane. Mange forskarar samla og gav ut noko av dette materialet, som vidare inspirerte andre til å skriva ny tsjuvasjisk litteratur. Arşurri (Visdomskogen) av M.F. Fjodorov blir sett på som utgangspunktet for den moderne skjønnlitteraturen på språket. Ein annan viktig milepåle var den fyrste avisa på språket, Hibar (Nyhende) som kom ut første gongen i 1905. To år seinare blei avisa stoppa av tsaren, men den tsjuvasjiske målreisinga var alt i rørsle.

Målføre

Språket har to hovuddialektar, virjal eller over-tsjuvasjisk og anatri, eller neder-tsjuvasjisk. Det litterære språket bygger på den nedre dialekten.

Tsjuvasjisk er blitt påverka av finsk-ugrisk og tatarisk. Det har òg mange lånord frå russisk, marisk, persisk og arabisk.

Kjelder

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. desember 2006, henta 8. januar 2007