Salarisk Salırça, سالارچا | ||
Klassifisering | Altaisk Tyrkisk Austtyrkisk Salarisk | |
Bruk | ||
Tala i | ![]() | |
Salarisktalande i alt | 60 000 | |
Skriftsystem | Kinesisk skrift | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | slr | |
Wikipedia på salarisk |
Salarisk er eit tyrkisk språk som blir tala av salarar, ei folkegruppe som hovudsakleg held til i grenseområdet mellom Qinghai- og Gansu-provinsane i Kina. Det finst rundt 115 000 salarar. Om lag 60 000 av dei snakkar salarisk, medan resten snakkar kinesisk.
Salarisk stammar frå oghuztyrkisk, som mellom anna tyrkisk og turkmensk også gjer. Ettersom språket har utvikla seg langt aust frå desse språkområda, er det blitt påverka av fleire austtyrkiske språk, og blir derfor også rekna til den uiguriske språkgruppa som også inneheld uigurisk. Det blir derfor gjerne rekna som eit austtyrkisk språk, nokre gonger tilmed som ein uigurisk dialekt. Moderne salarisk er også sterkt påverka av tibetansk og kinesisk, både når det gjeld fonologi og ordtilfang.
Salararar er ei offisielt anerkjend folkegruppe i Kina, og salarisk er offisielt språk i alle sjølvstyrande salarområde.[1]
Salarisk blir skrive med kinesisk skrift. Tidlegare brukte ein arabisk skrift, som med mange andre tyrkiske språk. Det er også gjort forsøk på å utvikla eit latinsk skriftsystem for språket.
Salarisk fonologi er påverka av tibetansk og kinesisk. Som i andre tyrkiske språk har /k, q/ og /g, ɢ/ blitt ulike fonem på grunn av lånord.[2] Salariske vokalar er som dei tyrkiske, med dei bakre vokalane a, ɨ, o u og dei fremre vokalane e, i, ø, y.[3]
Labial | Dental | Retrofleks | Alveolopalatal | Velar | Uvular | Glottal | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Plosiv | p | b | t | d | k | ɡ | q | ɢ | ||||||
Affrikat | t͡ʂ | d͡ʐ | t͡ɕ | d͡ʑ | ||||||||||
Frikativ | f | v | s | z | ʂ | ɕ | x | ʁ | h | |||||
Nasal | m | n | ||||||||||||
Approksimant | l r | j |