«Stefania» Song av Kalush Orchestra | ||
![]() | ||
Land | Ukraina | |
Språk | Ukrainsk | |
Utgjeve | 7. februar 2022 | |
Sjanger | Folk, hiphop | |
Lengd | 03:03 | |
Selskap | Sony Music Entertainment, ENKO | |
Låtskrivar(ar) | Oleh Psiuk, Ihor Didentsjuk, Ivan Klimenko, Tymofij Muzytsjuk, Vitalij Duzjyk |
---|
«Stefania» (ukrainsk skrift «Стефанія», norsk transkripsjon Stefanija) er ein folkhiphop-låt frå 2022 med det ukrainske bandet Kalush Orchestra. Songen representerte Ukraina og vann Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
«Stefania» er ein hiphop-song med sterke element av elektronisk pop og ukrainsk folkemusikk. Han er skriven av det ukrainske folk-hiphopbandet Kalush Orchestra og vart gjeven ut 7. februar 2022. Også teksta kombinerer ulike stilretningar; refrenga er bygde opp i typisk austeuropeisk folk-tradisjon, med korte setningar og lange vokalar. Versa har mykje lengre setningar og vert framført langt raskare enn refrenga, nærast rapping.[1]
Songen er ein ode til mødre, der eg-personen i songen fortel om gode minne om mor si, Stefanija.[2] Eg-personen legg merke til kor mykje eldre mora har vorte, og mimrar nostalgisk tilbake til barndomen: «Enga blomstrar, men ho vert grå. Syng ein voggesong for meg, mamma. Eg vil høyre dine ord».[1]
«Stefania» var blant bidraga i den ukrainske songtevlinga Vidbir laurdag 12. februar 2022, der vinnaren fekk representere Ukraina i Eurovision Song Contest.[3] I finalen vann «Stefania» telefonavrøystinga med stor margin, men enda samanlagd på andreplass, bak vinnaren Alina Pasj og songen «Shadows of Forgotten Ancestors».[4] Nokre dagar etter finalen valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget med å representere Ukraina, på grunn av strid rundt ei reise ho hadde til Krim i 2015.[5][6] I Ukraina er det strenge reglar for innreise til den russisk-okkuperte halvøya.[5] Den ukrainske kringkastaren Suspilne vedtok difor å tilby oppdraget til andreplassen Kalush Orchestra, som etter litt områdingstid takka ja. Deltakinga vart offisielt stadfesta 22. februar 2022.[7]
Berre to dagar etter kunngjeringa gjekk Russland til militært åtak på Ukraina.[8] Invasjonen gjorde at songen og den ukrainske deltakinga i Eurovision Song Contest fekk ekstra stor merksemd, og «Stefania» gjekk rett til topps hos bookmakarane.[9][10][11][12]
Den europeiske kringkastingsunionen utestengde samstundes Russland frå Eurovision Song Contest, som del av dei omfattande sanksjonane mot russiske myndigheiter.[13] Trass invasjonen og krigen bestemte Ukraina seg for å delta i Eurovision Song Contest 2022.[14]
I vekene fram mot Eurovision Song Contest var «Stefania» soleklår favoritt til å vinne,[15] og han innfridde favorittstempelet. I finalen vann songen ein solid siger etter å ha fått rekordmange poeng frå tv-sjåarane, heile 439 poeng.[16] Dette var den tredje sigeren til Ukraina i Eurovision Song Contest.
Liste (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
![]() |
26 |
![]() |
27 |
![]() |
24 |
![]() |
2 |
Global 200 (Billboard) | 85 |
![]() |
9 |
![]() |
30 |
![]() |
7 |
![]() |
53 |
![]() |
6 |
![]() |
1 |
![]() |
38 |
![]() |
36 |
![]() |
19 |
![]() |
92 |
![]() |
27 |
![]() |
38 |
![]() |
11 |
![]() |
7 |
![]() |
22 |
![]() |
22 |
![]() |
2 |
![]() |
1 |
![]() |
5 |
![]() |
2 |