«Tattoo» Song av Loreen | ||
![]() | ||
Land | Sverige | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 17. januar 2023 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:02 | |
Selskap | Universal Music Sweden | |
Komponist | Jimmy Joker, Jimmy Jansson, Loreen, Cazzi Opeia, Peter Boström, Thomas G:son | |
Låtskrivar(ar) | Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Jimmy Jansson, Lorine Talhaoui, Moa Carlebecker, Peter Boström, Thomas G:son |
---|
«Tattoo» (norsk omsetjing ‘tatovering’) er ein popsong frå 2023 med den svenske songaren og låtskrivaren Loreen. Songen blei gjeven ut 25. februar 2023 og er skriven av Loreen sjølv, saman med Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Jimmy Jansson, Cazzi Opeia, Peter Boström og Thomas G:son. «Tattoo» vann svenske Melodifestivalen i 2023 og deretter Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
«Tattoo» er skriven av Loreen sjølv, saman med Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Jimmy Jansson, Cazzi Opeia, Peter Boström og Thomas G:son. Songen handlar om å kjempe for kjærleiken og er i sjangeren pop og europop. Tittelen viser til at den ho elskar, er festa til ho som ei tatovering.[1][2][3]
«Tattoo» blei send inn til SVT si songtevling Melodifestivalen 2023. Der blei han plukka ut til å delta blant 28 deltakarlåtar. Loreen hadde tidlegare delteke i Melodifestivalen i 2011, 2012 og 2017. Ho vann finalen i 2012 med «Euphoria», som også vann Eurovision Song Contest 2012 i Baku. Låten blei seinare ein stor hit i heile Europa.
«Tattoo» vann den fjerde delfinalen laurdag 26. februar 2023, men måtte framføre på nytt etter at ein demonstrant storma scena under den fyrste framføringa til Loreen.[4] Før finalen var «Tattoo» den store favoritten, både til å vinne Melodifestivalen og Eurovision Song Contest 2023.[5][6]
Som vinnar av Melodifestivalen blei «Tattoo» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Sverige blei trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023, der songen fekk startnummer 11. Låten enda på andreplass i semifinalen og blei kvalifisert til finalen laurdag 13. mai.
Før Eurovision Song Contest var «Tattoo» klår favoritt til å vinne tevlinga, med ein rekna vinnarsjanse på 50 prosent på finaledagen.[7][8]
«Tattoo» vann Eurovision Song Contest 2023 etter at låten fekk 340 poeng i juryavrøystinga og 243 poeng i telefonavrøystinga, totalt 583 poeng. Dette var 57 poeng meir enn nummer to, det finske bidraget «Cha cha cha». Dette var den sjuande sigeren til Sverige i Eurovision Song Contest, like mange som Irland hadde til då.