Tjeldsund kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Evenskjer | ||
Areal | 814,33 km² | ||
- land | 775,98 km² | ||
- vatn | 38,35 km² | ||
Folketal | 4 281 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Norsk målform | bokmål | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Robin Ridderseth (Tverrpolitiske liste) | ||
Kommunenr. | 5512 | ||
![]() Tjeldsund kommune 68°29′04″N 16°17′33″E / 68.484444444444°N 16.2925°E | |||
Wikimedia Commons: Tjeldsund | |||
Nettstad: www.tjeldsund.kommune.no | |||
Tjeldsund (nordsamisk Dielddanuorri) er ein kommune i Troms fylke. Evenskjer er administrasjonsstad. Frå 1909 til 2019 var Tjeldsund ein kommune i Ofoten i Nordland med Hol som administrasjonsstad.
Tjeldsund kommune blei oppretta 1. januar 1909 ved at Lødingen kommune blei delt inn i dei to kommunane Lødingen og Tjeldsund. 1. januar 2020 ble Tjeldsund slått saman med Skånland kommune i Troms. Den nye kommunen fekk namnet Tjeldsund og blei del av det nye fylket Troms.
Frå 1. juli 2020 er nye Tjeldsund kommune innlemma i samisk språkforvaltingsområde, som den åttande frå nordsamisk område, og er dermed offisielt tospråkleg norsk og samisk.[1]
Kommunen ligg ved Tjeldsundet og omfattar:
Tjeldsundbrua som ligg i Harstad og Skånland bidrar til å binde saman dei delene av Tjeldsund kommune som ligg på fastlandet og på Hinnøya. Det er også båtsamband mellom Hov ved Hol på Tjeldøya og Smiberget ved Sæter på Hinnøysida.
Tjeldsund har tre store offentlege arbeidsplassar: Ramsund orlogsstasjon, Tjeldsund kommune og Norges brannskole. Det finst også ein del småindustri, gardsbruk, fiske, bank, transport og servering.