(Wish I Could Fly Like) Superman Singel av The Kinks frå albumet Low Budget | ||
B-side |
«Low Budget» | |
---|---|---|
Utgjeve | 26. januar 1979 (Storbritannia)[1] 12. mars 1979 (USA)[1] | |
Innspelt | Januar - juni 1979 | |
Studio | Konk Studios | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:36 | |
Selskap | Arista | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
Britisk The Kinks-kronologi | ||
«Black Messiah» (1978) |
(Wish I Could Fly Like) Superman | «Moving Pictures» (1979) |
Amerikansk The Kinks-kronologi | ||
«Live Life» (1978) |
(Wish I Could Fly Like) Superman | «A Gallon of Gas» (1979)
|
«(Wish I Could Fly Like) Superman» er ein song skriven av Ray Davies og spelt av The Kinks i 1979 på albumet Low Budget. Songen var inspirert av Superman: The Movie med ein discorytme og ein tekst som skildrar at songaren ynskjer han kunne fly slik Supermann (Christopher Reeve) gjer i filmen. Discostilen på songen kom etter sjefen i Arista Records, Clive Davis, bad om ein «ein nattklubbvenleg song», trass i at Ray Davies sjølv hata disco.
Songen vart gjeven ut som den første singelen frå Low Budget, og vart ein moderat hit i Nord-Amerika. Han har sidan vore med på mange samle- og konsertalbum.
Ray Davies vart inspirert til å skrive «(Wish I Could Fly Like) Superman» etter å ha sett Superman: The Movie seint i 1978.[2] Ray Davies har sagt at songen vart skriven som ein spøk etter at sjefen for plateselskapet, Clive Davis, sa han ønskte ein song som kunne spelast på dansegolvet.[2]
«(Wish I Could Fly Like) Superman» og B-sida «Low Budget» var dei første songane som vart spelte inn for albumet Low Budget i Konk Studios i London, medan resten av albumet vart spelt inn i New York.[3]
Songen påkallar òg ein annan film frå denne tida, Saturday Night Fever, og 60-talshitten til The Animals, «We Got to Get Out of This Place.»[2] Teksten skildrar ein vanleg mann som drøymer om å vere Supermann for å kom seg gjennom forskjellige samfunnsproblem.[4] Teksten kombinerer «fantasy» (fantasi) og «mundanity» (kvardagsleg) to av favorittemna til Davies.[5]
«(Wish I Could Fly Like) Superman» har ein disco-aktig stil, men på konsertane spelte dei ofte songen som ein hardrocksong.[4][6]
«(Wish I Could Fly Like) Superman» med «Low Budget» vart gjeven ut som den første singelen frå Low Budget. Singelen selde dårleg i Europa, men fekk ein viss suksess i Nord-Amerika og nådde 41. plassen på den amerikanske Billboard-lista[7] og 43. plassen på den kanadiske RPM-lista. Dei andre singlane frå albumet nådde ikkje salslistene.
Liste (1979-1980) | Plassering |
---|---|
Australian Singles Chart | 71 |
Canadian RPM Singles Chart | 43 |
US Billboard Hot 100[7] | 41 |