Sitting in the Midday Sun Singel av The Kinks frå albumet Preservation Act 1 | ||
B-side |
«Sweet Lady Genevieve» (USA); «One of the Survivors» (Storbritannia) | |
---|---|---|
Utgjeve | Juni 1973 (Storbritannia); August 1973 (USA) | |
Innspelt | Juni 1973 i Konk Studios i London | |
Sjanger | Rock, folkrock, varieté | |
Lengd | 3:47 | |
Selskap | RCA 2387 (U.K.) RCA LPBO 5001 (U.S.) | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
Britisk The Kinks-kronologi | ||
«Celluloid Heroes» (November 1972) |
Sitting in the Midday Sun | «Sweet Lady Genevieve» (September 1973) |
Amerikansk The Kinks-kronologi | ||
«One of the Survivors» (April 1973) | Sitting in the Midday Sun | «Money Talks» (April 1974)
|
«Sitting in the Midday Sun» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks, skriven av Ray Davies. Songen vart spelt inn i juni 1973 og gjeven ut på singel i USA og Storbritannia same året. Han fekk generelt god omtale, men selde ikkje godt nok til å gå inn på salslistene. «Sitting in the Midday Sun» vart gjeven ut på Preservation Act 1, i november 1973.
Doug Hinman estimerer at «Sitting in the Midday Sun» var den første songen som vart spelt inn i The Kinks nye Konk Studios.[1] Songen vart spelt inn kring 8. juni, og vart klargjort for det komande albumet til gruppa.[1]
Songen vart gjeven ut med B-sida «One of the Survivors» for i Storbritannia, der han kom ut i juni. I USA kom singelen ut med B-sida «Sweet Lady Genevieve». Kritikarane var stort sett samde om at det var ein fin sommarlåt, men songen selde likevel ikkje godt nok til å nå salslistene nokon stad.[1]