Better Things Singel av The Kinks frå albumet Give the People What They Want | ||
B-side |
«Massive Reductions» (Storbritannia) | |
---|---|---|
Utgjeve | 19. juni 1981 (Storbritannia) 28. november 1981 (USA) | |
Innspelt | April 1981 | |
Studio | Konk Studios i London | |
Sjanger | Pop[1] | |
Lengd | 2:44 | |
Selskap | Arista ARIST 415 (Storbritannia) Arista AS 0649 (USA) | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
Britisk The Kinks-kronologi | ||
«Pressure» (1979) |
Better Things | «Predictable» (1981) |
Amerikansk The Kinks-kronologi | ||
«Destroyer» (1981) |
Better Things | «Come Dancing» (1983)
|
«Better Things» er ein song av The Kinks, gjeve ut på singel i juni 1981 i Storbritannia og i november 1981 i USA.[2] Ein litt kortare versjon av songen kom seinare ut på albumet Give the People What They Want.
Songen vart skriven av Ray Davies om mislukka ekteskap og kom til under innspelinga av Low Budget. Songen var ferdig i 1981 og gjeven ut på singel. Singelen nådde 42. plassen i Storbritannia og 92. plassen i USA. Dette var den første singelen deira på den britiske singellista sidan 1972.
«Better Things» vart skriven av Ray Davies i New York City om det skrantande ekteskapet hans med den andre kona hans, Yvonne.[3] Davies har fortalt Jeff Tamarkin i The Aquarian Weekly at han på den tida var deprimert.[3]
Songen vart spelt inn på ny for Give the People What They Want i april 1981.[3]
Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i Storbritannia. Dei første eksemplara av singelen kom med ein ekstra 7"-plate som inneheldt konsertversjonar av «Lola» og «David Watts», som begge vart spelte inn på amerikanske turnear i 1979 og 1980. B-sida i Storbritannia var «Massive Reductions», som ikkje var med på albumet. Ein annan, kortare versjon av «Massive Reductions» kom ut i 1984 på albumet Word of Mouth. «Better Things» nådde 46. plassen på UK Singles Chart og var den første singelen deira på lista sidan «Supersonic Rocket Ship» i 1972.
I USA vart «Destroyer» gjeven ut i september som den første singelen frå albumet, og «Better Things» vart den andre singelen frå albumet i november. «Better Things» nådde 12. plassen på Billboard Rock Top Tracks-lista og 92. plassen på Billboard Hot 100, litt lågare enn «Destroyer».
I september 2010 gav Ray Davies ut albumet See My Friends med omarbeidde, klassiske Kinks-songar. Her finst ein duett med Bruce Springsteen på «Better Things».
I 2011 kåra American Songwriter «Better Things» til deira favorittsong om å gjere det slutt.[1]