Bolsjoj Ljakhovskij
øy
Land  Russland
Del av Ljakhovskijøyane
Areal 5 157 km²
Folketal 0
Kart
Bolsjoj Ljakhovskij
73°26′00″N 142°00′00″E / 73.433333333333°N 142°E / 73.433333333333; 142
Wikimedia Commons: Great Lyakhovsky Island
Kigiljakh-halvøya på Bolsjoj Ljakhovskij.
Kart som syner plasseringa til Ljakovskijøyane

Bolsjoj Ljakhovskij eller Store Ljakhovskij (russisk Большой Ляховский остров) er den største av Ljakhovskijøyane og høyrer til øygruppa Nysibirøyane i Laptevhavet nord i Russland. Ho har eit areal på 4600 km² og det høgaste punktet er Emy Tas på 270 meter over havet.

Vest på øya ligg halvøya Kigiljakhhalvøya.

Sørvest for øya ligg ei mindre øya kalla Ostrov Khopto-Terer.

Baron Eduard von Toll fann i permafrosten restar av piletre og bein frå utdøydde pattedyr som skulderbein frå ein sabeltanntiger.

Klima

[endre | endre wikiteksten]

Det står ein vêrstasjon på Kapp Sjalaurova, som ligg på sørkysten av øya ved 73º 11' N 143º 56' E. Frå april 1994 til september 2000 hadde stasjonen i snitt 184 mm nedbør i året. Det meste av denne nedbøren kjem mellom juni og september. Middeltemperaturen i same periode er -13,6 °C. Januar er den kaldaste månaden med ein middeltemperatur på -31,0 °C og august er den varmaste med 2,4 °C. Den lågaste døgnmiddeltemperaturen som er målt er -40,5 °C og den høgaste 9,4 °C (Meyer et al. 2002).

Vegetasjon

[endre | endre wikiteksten]

Vegetasjonen på Bojsjoj Ljakhovskij er ei blanding av gras, tundravegetasjon og mose. Desse plantene dekkjer om lag 40-80 % av øya. Ein finn òg små mengder kratt og torvmyr.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

73°24′N 141°30′E / 73.4°N 141.5°E / 73.4; 141.5