Burn Studioalbum av Deep Purple | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 15. februar 1974 | |
Innspelt | November 1973 | |
Studio | Montreux i Sveits med Rolling Stones Mobile Studio | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:37 | |
Selskap | Purple | |
Produsent | Deep Purple | |
Deep Purple-kronologi | ||
---|---|---|
Who Do We Think We Are (1973) |
Burn | Stormbringer (1974)
|
Singlar frå Burn | ||
Burn er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut i februar 1974. Det var det første albumet deira med Mark III-besetninga ed den då ukjende David Coverdale på vokal og Glenn Hughes, frå Trapeze, på bass og vokal.
Albumet vart spelt inn i Montreux i Sveits, i november 1973 med Rolling Stones Mobile Studio. Med tilsetninga av David Coverdale og Glenn Hughes vart hardrockstilen til Purple meir boogie-orientert, med innslag av soul og funk, noko som skulle bli mykje meir framståande på oppfølgjaralbumet Stormbringer.
Hughes deltok i låtskrivinga, men vart ikkje kreditert på grunn av utgåtte kontraktsforpliktingar. 30-årsjubileumsutgåva av albumet inkluderte likevel Hughes i krediteringane for alle spora bortsett frå «Sail Away», «Mistreated», «'A' 200» og bonussporet «Coronarias Redig».[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Blogcritics | (positiv)[4] |
Christgau's Record Guide | C+[5] |
Rolling Stone | (negativ)[6] |
Burn nådde tredjeplassen på UK Albums Chart, niandeplassen på den amerikanske Billboard' 200 og det gjekk til topps i fire europeiske land.
I 2004 vart Burn ommastra og gitt ut med bonusspor. «Coronarias Redig» vart spelt inn under innspelinga av Burn, men vart berre brukt som B-side på singelen «Might Just Take Your Life» i 1974. Han dukka opp som bonusspor (i remixa form) på jubileumsutgåva. Remix-versjonen av «Burn» frå 2004 vart seinare brukt i Guitar Hero: Warriors of Rock.[7].
I 2005 vart det produsert ein uautorisert dokumentar om albumet som ein del av serien «The Ultimate Critical Review». Den inneheldt eit heilt nytt intervju med Glenn Hughes.
Førstesingelen «Might Just Take Your Life», gitt ut 4. mars, var den første britiske singelen til Deep Purple på to år.
I ei retrospektiv melding for AllMusic uttalte Eduardo Rivadavia følgjande:
Det fenomenale tittelsporet sette i gang for fullt og utfordra faktisk den banebrytande «Highway Star» om æra som den beste opningslåten på eit Deep Purple-album, samtidig som det alltid imponerande trommespelet til Ian Paice kom til sin rett. Den fantastiske, seigt kokande bluesen i «Mistreated» kvalifiserer til det høgaste hardrock-prestasjonsnivået, og er derfor eit uunnværleg innslag i diskografien til alle musikkfans med respekt for seg sjølv.[3]
Alle songar er skrivne av Ritchie Blackmore, David Coverdale, Jon Lord, Ian Paice og Glenn Hughes, utanom der anna er nemnt[2].
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Burn» | 6:00 | |
2. | «Might Just Take Your Life» | 4:36 | |
3. | «Lay Down, Stay Down» | 4:15 | |
4. | «Sail Away» | Blackmore, Coverdale | 5:48 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «You Fool No One» | 4:47 | |
2. | «What's Goin' On Here» | 4:55 | |
3. | «Mistreated» | Blackmore, Coverdale | 7:25 |
4. | «'A' 200» | Blackmore, Lord, Paice | 3:51 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «Coronarias Redig» (remix frå 2004) | Blackmore, Lord, Paice | 5:30 |
10. | «Burn» (remix frå 2004) | 6:00 | |
11. | «Mistreated» (remix frå 2004) | Blackmore, Coverdale | 7:28 |
12. | «You Fool No One» (remix frå 2004) | 4:57 | |
13. | «Sail Away» (remix frå 2004) | Blackmore, Coverdale | 5:37 |
Deep Purple
Production
Liste (1974) | Plassering |
---|---|
Australske album (Kent Music Report)[8] | 7 |
Austerrikske album (Ö3 Austria)[9] | 1 |
Canada Top Albums/CDs (RPM)[10] | 7 |
Den danske albumlista[11] | 1 |
Nederlandske album (MegaCharts)[12] | 7 |
Finland (The Official Finnish Charts)[13] | 5 |
Den franske albumlista (SNEP)[14] | 4 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[15] | 1 |
Italienske album (Musica e Dischi)[16] | 3 |
Den japanske albumlista (Oricon)[17] | 11 |
Norske album (VG-lista)[18] | 1 |
Britiske album (OCC)[19] | 3 |
US Billboard 200[20] | 9 |
Liste (1974) | Plassering |
---|---|
Australske album (Kent Music Report)[21] | 23 |
Tyske album (Offizielle Top 100)[22] | 5 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Frankrike (SNEP)[23] | Gull | 100 000* |
Tyskland (BVMI)[24] | Gull | 150,000[24] |
Sverige (GLF)[25] | Gull | 50 000^ |
Storbritannia (BPI)[26] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[27] | Gull | 500 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Publikasjon | Land | Utmerking | År | Plassering |
---|---|---|---|---|
Classic Rock | Storbritannia | 100 Greatest British Rock Albums Ever[28] | 2006 | 27 |
Føregangar Band on the Run Paul McCartney og Wings |
Toppen av VG-lista Deep Purple 5 veker, Veke 12–16, 1974 |
Etterfylgjar Waterloo ABBA |
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
Samlealbum |
|
Singlar |
|
Andre songar | |
Videoalbum |
|
Tilknytte artistar |
|
Tilknytte artiklar |
|