Nick Simper

Fødd3. november 1945 (78 år)
FødestadNorwood Green, Southall, Middlesex i England
FødenamnNicholas John Simper
OpphavStorbritannia
Aktiv1957 til i dag
SjangerRock, hardrock, heavy metal, progressiv rock
InstrumentBass, vokal, gitar
Tilknytte artistarJohnny Kidd & The Pirates, The Flower Pot Men, Lord Sutch's Savages, Deep Purple, Warhorse
Verka somMusikar

Nicholas John Simper (fødd 3. november 1945) er ein engelsk bassgitarist, mest kjend som den første bassisten i Deep Purple.[1] Simper medverkar på dei tre første albuma til bandet.

Før han var med på å starte Deep Purple i 1968, spelte Simper med ei rekkje band inkludert The Renegades (1960–61), The Delta Five (1961–63), Some Other Guys (1963–64), Buddy Britten & The Regents som seinare skifta namn til Simon Raven Cult (1964–66), Johnny Kidd and The Pirates som seinare vart til Pirates (1966–66) og The Flower Pot Men (1967–68), der han spelte saman med Jon Lord. Han samarbeidde òg med Lord Sutch's Savages der han spelte saman med Ritchie Blackmore.

Simper fekk sparken i Deep Purple i 1969 på grunn av musikalske usemjer. Han har etter tida i Deep Purple spelt med Marsha Hunt, han medverkar på eit konsertalbum med Lord Sutch og har vore medlem av følgjande band: Warhorse, Nick Simper's Dynamite (1975), Flying Fox (1977–84), Nick Simper's Fandango (1977–83), Quatermass II (1994–97) og er for tida medlem i bandet The Good Old Boys (1985- ). Han har òg spelt ei rekkje konsertar i 2009 og 2010 saman med Nasty Habits under tittelen The Deep Purple Mk I Songbook, der dei spelar songar frå dei tre første albuma til Deep Purple.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

med Deep Purple

[endre | endre wikiteksten]

med Johnny Kidd & The Pirates

[endre | endre wikiteksten]

med Warhorse

[endre | endre wikiteksten]

med Flying Fox

[endre | endre wikiteksten]

med Nick Simper's Fandango

[endre | endre wikiteksten]

med Quatermass II

[endre | endre wikiteksten]

med The Good Old Boys

[endre | endre wikiteksten]

med Nasty Habits (Deep Purple Mk1 Songbook)

[endre | endre wikiteksten]

Som gjesteartist

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Ankeny, Jason; Prato, Greg. «Biography: Deep Purple». AMG. Henta 28. mai 2012. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Nick Simper