Hallelujah Singel av Deep Purple | ||
B-side |
April Part I | |
---|---|---|
Utgjeve | 25. juli 1969 [1] | |
Innspelt | 7 & 12. juni 1969 | |
Lengd | 3:38 | |
Selskap | Harvest (Storbritannia), Tetragrammaton (USA) | |
Låtskrivar(ar) | Roger Greenaway, Roger Cook | |
Produsent | Deep Purple | |
Deep Purple-kronologi | ||
«Emmaretta» (1969) |
Hallelujah | «Black Night» (1970)
|
«'Hallelujah'» er ein song av den engelske hardrockgruppa Deep Purple, gitt ut i 1969. Det er den første singelen med vokalisten Ian Gillan og bassist Roger Glover, og han vart gitt ut mellom deira sjølvoppkalla album frå 1969 og konsertalbumet Concerto for Group and Orchestra. A- og B-sida var ei redigering av det instrumentale albumsporet «April».
Sporet vart spelt inn 7. og 12. juni 1969. På det tidspunktet hadde Glover enno ikkje vorte med i bandet og spelte på sporet som studiomusikar.[2][3]
Songen vart skriven av Roger Greenaway og Roger Cook, og opphavleg gitt ut som «I am the Preacher» av The Derek Lawrence Statement tidlegare same år.[4] Versjonen til Deep Purple floppa, trass i TV-opptredenar for å promotera plata i Storbritannia.[5] Gitaristen Ritchie Blackmore sa til Record Mirror at det nye bandet «må ha ei kommersiell plate i Storbritannia», og skildra songen som «ein mellomting» – ein mellomting mellom det bandet vanlegvis ville laga, men med eit kommersielt motiv.[5] Gillan var misnøgd med singelen fordi han ikkje hadde skrive teksten.[3]
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
Samlealbum |
|
Singlar |
|
Andre songar | |
Videoalbum |
|
Tilknytte artistar |
|
Tilknytte artiklar |
|