Folkets parti | |||
![]() | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 12. desember 2014[1] | ||
Donasjonar | 0 norsk krone (2021)[2] | ||
Ideologi | enkeltsaksparti ![]() | ||
Slagord | Nok er nok! Nei til mer bompenger! |
Folkets parti (forkorta FP, tidlegare Folkeaksjonen nei til meir bompengar og Folkets parti FNB) er eit norsk politisk parti stifta i 2014 i Stavanger.[3] Grunnleggjar var Frode Myrhol, som har leidd FNB sidan og var førstekandidat for partiet ved kommunevalet i Stavanger i 2015.[4]
FNB starta som ein folkeaksjon på Nord-Jæren mot den nye bompengeringen/bypakken som blei foreslått og vedtatt innført på Nord-Jæren hausten 2014.[3] Etter at den nye bypakken blei vedtatt i fylkestinget i Rogaland i desember 2014, blei det starta eit nytt politisk parti med same namn. Partiet stilte til val i Stavanger i 2015 og fekk 3 representantar i Stavanger bystyre.[5]
Partiet samla underskrifter for å bli registrert som politisk parti på nasjonalt nivå våren 2018.[6][7] FNB blei innlemma i Partiregisteret i august 2018, og fekk dermed status som eit nasjonalt parti.
Partiet har hatt som mål å samla motstanden mot bompengar i dei største norske byene i ein organisasjon, i det arbeidet var det viktig å få med Bergen,[8] og fleire andre kommunar og fylke.
Partiet stiller til kommunevalet i Stavanger, Sandnes, Sola, Klepp, Bergen, Askøy, Alver, Øygarden, Skien, Porsgrunn og Oslo i september 2019, i tillegg til fylkestingsvalet i Rogaland, Vestland, Viken, Vestfold/Telemark og Troms/Finnmark.[9] I mai 2019 blei FNB målt til å vera det største partiet i Bergen, med ei oppslutning på 25,4 prosent.[10]
Hovudsaka til FNB er å fjerna bompengar som finansieringsmetode for utbygging av infrastruktur. Partiet meiner dette er ei statleg oppgåve og at prosjekt må finansierast over statsbudsjettet. Hovudbodskapen til partiet er at bompengar er ei usosial og tilfeldig skattlegging av befolkninga som strid mot modellen det norske velferdssamfunnet er bygd opp rundt. FNB er også imot vegprising, eigedomsskatt og vindmøller på land.[11]