Liberalistane | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Arnt Rune Flekstad[1] | ||
Grunnlagt | 24. mars 2014[2] | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Ungdomsorg. | Liberalistisk Ungdom | ||
Donasjonar | 1 180 000 (2021)[3] | ||
Medlemstal | 1 424 (2019) | ||
Ideologi | klassisk liberalisme, Laissez-faire, minarkisme | ||
Internasjonal tilknyting | International Alliance of Libertarian Parties, Interlibertarians | ||
Slagord | «Ditt liv, ditt valg!» |
Liberalistane (forkorta Lib) er eit politisk parti i Noreg. På engelsk heiter Liberalistane Capitalist Party. Partiet har liberalisme som ideologisk fundament og byggjer òg på opplysingstidstradisjonen og den sekulære vestlege kulturarven. Partiet arbeider for ein minimumsstat som avgrensar seg til å syte for politi, forsvar og rettsvesen. Partiet ønskjer ikkje at staten skal regulere økonomi eller andre samfunnsområde.
Liberalistane har som målsetjing å vere konsekvent liberalistiske og fremje politikk i samsvar med prinsippet om laissez-faire-kapitalisme.
Liberalistane vart skipa i 2014.[4][5] Partiet er representert i atten fylke: Akershus, Aust-Agder, Buskerud, Hedmark, Hordaland, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Nordland, Oppland, Oslo, Rogaland, Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag, Telemark, Troms, Vest-Agder, Vestfold og Østfold.[6][7]
Liberalistane blir leia av eit sentralstyre, som mellom anna har Espen Hagen Hammer som leiar og Agnethe Johnsen som nestleiar.[8] Partisekretær er Eigil Knudsen.[9][treng kjelde]
Liberalistane sitt ungdomsparti er Liberalistisk Ungdom. Det vart skipa i 2004 og gjekk i 2014 over frå Det Liberale Folkepartiet til Liberalistane.