Noregsdemokratane | |||
![]() | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Geir Ugland Jacobsen | ||
Grunnlagt | 24. august 2002 | ||
Donasjonar | 50 000 (2019)[1] | ||
Medlemstal | 4 963 (2022)[2] | ||
Ideologi | sosialkonservatisme, nasjonalkonservatisme, høgrepopulisme, euroskeptisisme ![]() | ||
Politisk posisjon | sentrisme | ||
Farge | Raud Blå | ||
Slagord | «Norge Først» |
Noregsdemokratane, tidlegare Demokratane, er eit høgrepopulistisk norsk politisk parti. Partiet definerer seg sjølv som antiglobalistisk og nasjonalkonservativt.[3]
Partileiar frå 2021 er Geir Ugland Jacobsen.
Partiet vart stifta i 2002 som Demokratane. I 2010 skifta partiet namn til Demokratane i Noreg ved nyregistrering i det norske partiregisteret. I 2018 skifta partiet namn tilbake til Demokratane og i 2023 til Noregsdemokratane.[4]
Ved valet i 2005 fekk dei 2 705 stemmer, 0,1 %. Vidar Kleppe representerte partiet på fylkestinget i Vest-Agder. Partiet stilte med lister i alle fylke ved valet 2007 og fekk 0,3 % av røystene.