Goodnight Saigon Singel av Billy Joel frå albumet The Nylon Curtain | ||
B-side |
«A Room of Our Own» (US & Australia) «Where's the Orchestra» (UK & Europe) | |
---|---|---|
Utgjeve | 1983 | |
Innspelt | Spring 1982 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 7:03 | |
Selskap | Columbia | |
Tekstforfattar | Billy Joel | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
«Allentown» (1983) |
Goodnight Saigon | «Tell Her About It» (1983)
|
«Goodnight Saigon» er ein song skriven av Billy Joel på albumet The Nylon Curtain frå 1982. Songen handlar om Vietnamkrigen. Han handomar om situasjonen og haldninga til amerikanske marinesoldatar, frå treninga ved Parris Island til forskjellige aspekt ved kampane i Vietnam.
Teksten til «Goodnight Saigon» handlar om korleis soldatar i kamp knyter band til kvarandre, kjempar mot frykta si og prøver å finne ut korleis ein skal overleve.[1] Songaren, ein marinesoldat, syng «we» og ikkje «I», som gjer det tydeleg at soldatane er i denne situasjonen saman.[1] I mellomspelet syng Hoel om mørkret og frykta som soldatane får.[1] Dette går inn i refrenget, der fleire stemmer syng i lag «we will all go down together».[1][2] Teksten nemner at dei les Playboy Magazine, ser Bob Hope, lyttar til The Doors, røyker frå ei hasjpipe, bed til Jesus, minnast Charlie og John F. Baker og dei som fall i kamp.[1][2] Joel har sagt at han ikkje prøvde å kommentere krigen, men å skrive om soldaten som ein person.[3][4] Rolling Stone Magazine-skribenten Stephen Holden sa «Etter kvart som songen utviklar seg, vert Joels «we» til alle amerikanske soldatar, levande og daude, som kjempa i Søraust-Asia.»[2]
Songen byrjar med lyden av sirissar, som gjev ei kjensle av at det kveldar.[1] Dette glir over i lyden av helikoter, som gjev bilete av helikopter som kjempa Vietnamkrigen eller plukkar opp såra soldatar.[1][2] Joel byrjar så å spele piano før han byrjar å synge.[1][2] Songen vert avslutta på same vis som han starta.[1]
Holden skildrar songen som kanskje «den ultimate pop-epitafen til Vietnamkrigen.»[2] Han hyllar korleis stemma til Joel fangar kjensla til ein nitten år gamma soldat.[2] Ein annan Rolling Stone-skribent, Dave Marsh reknar songen som på grensa til «uanstendig» sidan songen «nektar å velje side».[5] Allmusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine reknar songen som ein del av ein suite på side ein av The Nylon Curtain som representerer den «lagvise, suksessrike, og modne popmusikken som fører Joel nær det ultimate målet om sofistikert pop/rock for eit vaksent publikum».[6] Musikaren Garth Brooks har omtalt «Goodnight Saigon» som sin favoritt Billy Joel-song.[4] Produsenten Phil Ramone har sagt at symbolismen i songensongen symboliserer «resonates with many people—especially musikars."[4]
«Goodnight Saigon» vart mykje spelt på konsertane til Joel og er med på konsertalbuma Концерт, 12 Gardens Live og Live at Shea Stadium: The Concert.[7] Han finst òg på samlealbuma Greatest Hits, Souvenir: The Ultimate Collection, The Ultimate Collection, The Essential Billy Joel, Piano Man: The Very Best of Billy Joel og My Lives.[7]
«Goodnight Saigon» vart spelt av countryartisten Garth Brooks på Blame it All on My Roots.
Liste (1983) | Plassering |
---|---|
Belgia (Flandern)[8] | 1 |
Nederland[9] | 1 |
Irland | 19 |
UK Singles Chart | 29 |
U.S. Billboard Hot 100 | 56 |