Only the Good Die Young Singel av Billy Joel frå albumet The Stranger | ||
B-side |
«Get It Right the First Time» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:55 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Billy Joel | |
Tekstforfattar | Billy Joel | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
«Movin' Out (Anthony's Song)» (1977) |
Only the Good Die Young | «She's Always a Woman» (1977)
|
«Only the Good Die Young» er ein song av Billy Joel for albumet The Stranger frå 1977. Songen var kontroversiell då han kom ut med ein tekst som er skriven frå synspunktet til ein ung mann som ynskjer å ta jomfrudomen frå ei katolsk jente.[1]
Songen var inspirert av Joel som var forelska på skulen i Virginia Callahan. Guten eller forteljaren trur et jenta avviser han fordi ho kjem frå ein religiøs, katolsk familien og at ho trur at det er ei synd å ha seks før ekteskap.[2] Han syng,
Songen vart eit døme på Streisand-effekten når religiøse grupper rekna han som anti-katolsk,[3] og la press på radiostasjonar for å få han fjerna frå spelelistene deira.[2] «Då eg skreiv 'Only the Good Die Young' var ikkje poenget at songen skulle vere anti-katolsk, heller pro-begjær», sa Joel til Performing Songwriter. «Då dei bannlyste songen, byrja albumet å stige på listene.» Joel peikte òg på ein del av teksten som verka å ha gått kritikarane hus forbi. Mannen i songen kjem aldri nærleiken av jenta.[4]
Liste (1977) | Plassering |
---|---|
Canada[5] | 18 |
U.S. Billboard Hot 100[2] | 24 |