My Life Singel av Billy Joel frå albumet 52nd Street | ||
B-side |
«52nd Street» | |
---|---|---|
Utgjeve | 28. oktober 1978 | |
Innspelt | 1978 | |
Sjanger | poprock | |
Lengd | 4:44 (album)
3:50 (singel) | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
«The Stranger» (1978) |
My Life | «Big Shot» (1979)
|
«My Life» er ein song av Billy Joel som kom ut på albumet 52nd Street i 1978. Songen vart gjeven ut på singel hausten 1978 og nådde andreplassen på den amerikanske adult contemporary-lista. Tidleg året etter nådde han tredjeplassen på Billboard Hot 100.
Songen byrjar med trommer og elektrisk bass, etterfølgd av eit riff på piano. Riffet vert òg nytta som mellomspel mellom verset og refrenget, og igjen mot slutten.
Chicago-medlemmane Peter Cetera og Donnie Dacus syng korvokal og song i lag med Billy Joel på mellomspelet og avslutninga av songen («Keep it to yourself, it's my life»).[treng kjelde]
«My Life» vart nytta som kjenningsmelodi for ABC-serien Bosom Buddies (1980–82), men på grunn av lisens-problem er han ikkje med på VHS- og DVD-utgjevingane av serien. I desse tilfella er songen bytta ut med «Shake Me Loose» sungen av Stephanie Mills.
Singelen er korta ned noko i forhold til albumversjonen. Både introen og mellomspelet er kortare, medan mellomspelet mellom vers og refreng er kutta i to. Den instrumentale delen etter det andre mellomspelet er fjerna heilt.
Liste (1978/1979) | Plassering |
---|---|
Australia | 6 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[1] | 11 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[2] | 27 |
Canada (RPM100)[3] | 3 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[4] | 2 |
Nederland (Mega Single Top 100)[5] | 22 |
Irland[6] | 3 |
Japan (Oricon) | 37 |
New Zealand (RIANZ)[7] | 6 |
Sør-Afrika (RISA)[8] | 2 |
Spania | 13 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[9] | 4 |
UK Singles Chart | 12 |
U.S. Billboard Hot 100 | 3 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 2 |