Marsipan er ein konfekt laga av malne mandlar, melis og eggekvitar, som vert blanda og ofte forma til ulike figurer. Marsipan er ein opphavleg persisk eller arabisk matrett som i dag blir mykje bruka i nordafrikansk, iberisk, sentraleuropeisk og skandinavisk kultur. Marsipan vert ofte smaksett med saft eller sherry, og farga med konditorfargar. I Skandinavia høyrer heimelaga marsipanfigurar til det tradisjonelle julegodtet.
Opphavet til ordet er omstridd. Ordet vart lånt til tysk i det sekstande hundreåret frå italiensk marzapane. Det finst talrike spekulasjonar rundt opphavet til det italienske ordet:
![]() |
Marsipan. Oppskrift i Kokebok på Wikibøker. |