Mikroskopet | |
---|---|
![]() | |
Latinsk namn | Microscopium |
Forkorting | Mic |
Genitivsform | Microscopii |
Symbologi | the Microscope |
Rektasensjon | 21 h |
Deklinasjon | −35° |
Areal | 210 kvadratgrader nr. 66 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | γ Mic (4,67. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +?° og −90° | |
Mikroskopet (frå latin Microscopium) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula, definert på 1700-talet av Nicolas Louis de Lacaille. Den mest lyssterke stjerna er Gamma Microscopii med tilsynelatande storleik 4,68. Ho er ei gul kjempe 381 lysår unna. Ein har funne to stjernesystem, WASP-7 og HD 205739, med planetar, medan ei anna, AU Microscopii, har ei fragmentskive.
Mikroskopet er eit lite stjernebilete som grensar til Steinbukken i nord, Den sørlege fisken og Trana i vest, Skytten i aust, Indianaren i sør, og rører så vidt Teleskopet i søraust. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930, og er definert som ein polygon med fire segment. Sidan dei mest lyssterke stjernene berre er av femte storleiksklasse er stjernebiletet usynleg for det nakne auga i område med lysforureina himmel.[1]
Lacaille kartla og gav ti stjerner nemning med Bayernemningane Alfa til Iota i 1756. Ei stjerne i nabobiletet Indianaren som Lacaille hadde kalla Nu Indi viste seg å liggje i Mikroskopet, så Gould kalla ho Nu Microscopii.[2]
Den mest lyssterke stjerna er Gamma Microscopii, som har tilsynelatande storleik på 4,68. Ho er ei gul kjempe med spektralklasse G6III.[3] Stjerna ligg 229±4 lysår unna.[4] Alfa Microscopii er òg ei gul kjempe, men ho er òg ei variabel stjerne, som varierer mellom tilsynelatande storleikar 4,88 og 4,94. Denne stjerna har spektralklasse G7III.[5] Alfa har ei følgjestjerne av 9. storleiksklasse som er mogeleg å sjå i små teleskop.[4] Epsilon Microscopii ligg 182±2 lysår unna, og er ei blåkvit hovudseriestjerne med tilsynelatande storleiksklasse 4,7,[4] og spektralklasse A1V.[6] Theta1 og Theta2 Microscopii dannar ei vid dobbelstjerne og det er mogeleg å skjelne komponentane for det nakne auga. Begge er kvite, variable stjerner klasse A med sterke metalliske linjer, liknande Cor Caroli.
Mange objekt i stjernebiletet er for lyssvake til at ein kan sjå dei med det nakne auga. AX Microscopii, betre kjend som [Lacaille 8760]], er ein raud dverg som ligg berre12,9 lysår frå solsystemet.[7] HD 205739 har ein planet med same storleik som Jupiter. WASP-7 er ei stjerne med storleiksklasse 9,54 med eksoplaneten WASP-7b, medan AU Microscopii er ei ung stjerne som verkar å vere i eit tidleg stadium av eit planetsystem med ei fragmentskive. BO Microscopii er ei raskt roterande stjerne, og PSR J2144-3933 er ein uvanleg pulsar med uvanleg lang rotasjonsperiode.
NGC 6925 er ein stavspiralgalakse med tilsynelatande storleiksklasse 11,3 og med ei linseform, sidan kanten ligg nesten mot oss. Han ligg 3,7 grader vest-nordvest for Alfa Microscopii.[8] NGC 6923 ligg i nærleiken og har mindre storleiksklasse.[9]