For fuglen av same namn, sjå ramn.
Ramnen | |
---|---|
![]() | |
Latinsk namn | Corvus |
Forkorting | Crv |
Genitivsform | Corvi |
Symbologi | tenar for Apollon |
Rektasensjon | 12 h |
Deklinasjon | −20° |
Areal | 184 kvadratgrader nr. 70 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
2 |
Sterkaste stjerne | Gienah (2,59. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +60° og −90° | |
Ramnen (frå latin Corvus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Biletet har berre 11 stjerner som er synlege for det nakne auga (lysare enn storleiksklasse 4,02). Det var eit av dei 48 stjernebileta oppførte av Klaudios Ptolemaios, som berre talde sju stjerner og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta.
Fire av stjernene, δ, γ, ε og β Crv dannar ein asterisme.[1] or "the Sail».[2][3]
Dei fire mest lyssterke stjernene i Ramnen er stort sett lite merkverdige. Alfa Corvi, òg kalla Alchiba, er ei kvitfarga stjerne med storleiksklasse 4,0, 40 lysår frå jorda. Beta Corvi er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 2,7, 146 lysår frå jorda. Gamma Corvi, òg kalla Gienah, er den mest lyssterke stjerna i Ramnen med storleiksklasse 2,6, 154 lysår frå jorda. Ho er ei blåkvit kjempestjerne. Delta Corvi, tradisjonelt kalla Algorab, er ei dobbeltstjerne. Det er mogeleg å sjå begge stjernene i små amatørteleskop. Primærstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 2,9, 88 lysår frå jorda. Sekundærstjerna er ei rosa stjerne med storleiksklasse 9.[4]
TT Corvi er ei halvregulær variabel raud kjempe med spektralklasse M3III og tilsynelatande storleik 6,48, kring 923 lysår unna.[5]