Skyttaren | |
---|---|
![]() | |
Latinsk namn | Sagittarius |
Forkorting | Sgr |
Genitivsform | Sagittarii |
Symbologi | Frå grekarane |
Rektasensjon | 19 h |
Deklinasjon | −25° |
Areal | 867 kvadratgrader nr. 15 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
7 |
Sterkaste stjerne | Kaus Australis (ε Sgr) (1,9. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +55° og −90° | |
Skyttaren (frå latin Sagittarius) er eit stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula. Det er eit av dei 48 stjernebileta astronomen Klaudios Ptolemaios oppførte på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det ligg mellom Skorpionen og Slangeberaren i vest og Steinbukken i aust.
α Sgr (Rukbat) er ikkje den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, trass i Alfa-nemninga, og har ein storleiksklasse på berre 3,96. I staden for er den mest lyssterke stjerna Epsilon Sagittarii (ε Sgr) (Kaus Australis), med storleiksklasse 1,85.[1]
Sigma Sagittarii (σ Sgr) (Nunki) er den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet med storleiksklasse 2,08. Nunki er ei B2V-stjerne som ligg kring 260 lysår unna.[2]