Moneytalks
Singel av AC/DC
frå albumet The Razors Edge
B-side

«Mistress for Christmas» (Storbritannia) «Borrowed Time» (USA)
«Down on the Borderline» (Aus)

Utgjeve November 1990
Innspelt 1990
Sjanger Hardrock
Lengd 3:45
Selskap ATCO
Låtskrivar(ar)
Produsent Bruce Fairbairn
AC/DC-kronologi 
«Thunderstruck»
(1990)
Moneytalks «Are You Ready»
(1991)


«Moneytalks» er ein song skriven av Malcolm og Angus Young og produsert av Bruce Fairbairn for hardrockbandet AC/DC. Han vart først gjeven ut 21. september 1990 på albumet The Razors Edge, og sidan på singel i desember det året. Ein live-versjon av songen spelt inn på Razors Edge-turneen i 1990-1991 og dukka opp på konsertalbumet deira Live i 1992.[1]

Songen er ein av dei største hittane til AC/DC, og gjekk inn på Topp 40 på Billboard' Hot 100, (og vart den første topp 40-hitten til bandet på Hot 100 sidan Back in Black i 1981), UK Singles Charts, og den australske ARIA Singles Chart. Det er til no den høgast rangerte singelen deira i USA, med ei topplassering på 23. plass. Under den etterfølgjande verdsturneen vart tusenvis av «Angus Bucks» sleppt ned på publikum under songen. Det vart òg gitt ut ein musikkvideo av songen, regissert av David Mallet, med eit konsertopptak under turneen. Trass i populariteten til songen har han ikkje vorte framført på konsert av bandet sidan turneen.

Medverkande

Salslister

Vekeslister

Liste (1990–1991) Plassering
Australia (ARIA)[2] 21
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 26
Canada Top Singles (RPM)[4] 12
Irland (IRMA)[5] 15
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[6] 28
Nederland (Mega Single Top 100)[7] 24
New Zealand (RIANZ)[8] 9
UK Singles (Official Charts Company)[9] 36
US Billboard Hot 100[10] 23
US Mainstream Rock (Billboard)[11] 3

Årslister

listee (1991) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[12] 100

Kjelder

  1. AC/DC - Moneytalks (Official HD Video) (på engelsk), henta 29. juni 2023 
  2. "Australian-charts.com – AC/DC – Thunderstruck". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  3. "Ultratop.be – AC/DC – Thunderstruck" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  4. «Top Singles - Volume 53, No. 13 Mar 02, 1991». RPM. Henta 29. juni 2023. 
  5. "The Irish Charts – Search Results – Moneytalks". Irish Singles Chart.
  6. "Nederlandse Top 40 – AC/DC search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  7. "Dutchcharts.nl – AC/DC – Thunderstruck" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  8. "Charts.org.nz – AC/DC – Thunderstruck". Top 40 Singles. Hung Medien.
  9. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  10. "AC/DC Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for AC/DC. Prometheus Global Media.
  11. "AC/DC Chart History (Mainstream Rock)". Billboard. Retrieved 29. juni 2023.
  12. «RPM 100 Hit Tracks of 1991». RPM. 21. desember 1991. Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 29. juni 2023.