Stiff Upper Lip Studioalbum av AC/DC | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. februar 2000[1] | |
Innspelt | September – oktober 1999 | |
Studio | The Warehouse (Vancouver) | |
Sjanger | Hardrock, bluesrock | |
Lengd | 46:57 | |
Selskap |
| |
Produsent | George Young | |
AC/DC-kronologi | ||
---|---|---|
Bonfire (1997) |
Stiff Upper Lip | Black Ice (2008)
|
Singlar frå Stiff Upper Lip | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [4] |
Blender | [5] |
The Encyclopedia of Popular Music | [6] |
Entertainment Weekly | C+ [7] |
NME | (9/10) [8] |
Q | [9] |
Rolling Stone | [10] |
Stiff Upper Lip er det 14. studioalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC. Det kom ut 28. februar 2000.[1] Albumet vart produsert av George Young, storebror til Malcolm og Angus Young, og dette var det siste AC/DC-albumet som George produserte før han døyde i 2017. Albumet vart gitt ut på nytt i USA den 17. april 2007 som ein del av serien AC/DC Remasters. Det vart gitt ut på nytt i Storbritannia i 2005.
Young-brørne byrja å skriva låtar til det som skulle bli Stiff Upper Lip sommaren 1997 i London og Nederland med Malcolm på gitar og Angus på trommer, og i februar 1998 var låtane ferdige. [11] Bandet hadde planlagt å spela inn eit nytt album med kanadiaren Bruce Fairbairn, som hadde produsert dei enormt vellykka The Razors Edge og AC/DC Live, men Fairbairn døydde i mai 1999. Young-brørne vende seg til den eldre bror sin George, som hadde produsert Blow Up Your Video frå 1988 og dei første albuma til bandet i lag med Harry Vanda, og Mike Fraser, som hadde produsert Ballbreaker frå 1995 (saman med Rick Rubin), for å fullføra Stiff Upper Lip.
Albumet vart spelt inn og miksa i Bryan Adams sitt Warehouse Studio i Vancouver i British Columbia, Canada, mellom september og november 1999, med totalt 18 låtar. [12] I 2000 uttalte bassist Cliff Williams til VH1-programmet Behind the Music: «Det er eit fantastisk album. Det var eit album som var veldig lett å spela inn i og med at Malcolm og Angus hadde alt klart, så me måtte berre komma og gjera så godt me kunna.» Ifølgje memorara til Arnaud Durieux AC/DC: Maximum Rock & Roll tek Malcolm ein sjeldan gitarsolo på «Can't Stand Still», medan Angus tek korvokalen på «Hold Me Back». Albumet dykkar endå djupare ned i bluesrøtene til bandet enn forgjengaren Ballbreaker og har eit oppsiktsvekkjande reint lydbilete. I eit intervju med Alan Di Perna i Guitar World kommenterte vokalisten Brian Johnson samarbeidet med George Young:
Angus Young forklarte i intervju at albumtittelen kom til han då han sat fast i trafikken og byrja å grubla over kor viktig lepper var i rock and roll-kulturen, med tilvising til ikona Elvis Presley og Mick Jagger, og bar på ein viss hånleg trass.[12] Han noterte at han sjølv hadde bidrege til denne tradisjonen:
Låtar som etter seiande vart spelt inn til albumet, men som ikkje vart gitt ut, var: «Let It Go», «R.I.P. It Up», «Whistle Blower», «Rave On» og «The Cock Crows».[14].
Albumomslaget er pryda av ein bronsestatue av Angus, som på turneen vart etterlikna i form av ein fleire etasjar høg rekvisitt med den demoniske skikkelsen hans. Dei tre singlane frå albumet var tittelsporet «Stiff Upper Lip», «Safe in New York City» og «Satellite Blues». I Australia, New Zealand og Europa vart det gitt ut ei turnéutgåve med to plater av Stiff Upper Lip på Albert Productions i januar 2001. Denne inkluderer Stiff Upper Lip pluss ei plate som inneheld: «Cyberspace» (B-sida av «Safe in New York City»), fem live-spor frå 1996-albumet No Bull, og dessutan tre videoar (for kvara av singlane).
Videoen til tittelsporet - regissert av Andy Morahan,[15] - startar med at bandet køyrer nedover gata i ein raud Hummer H1 frå 1997 og blir fanga i ein trafikkork. Dei køyrer inn i ei bakgate, går ut og byrjar å spela songen på gata. Songen bandet høyrer på før bilkøen er «It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll)», gitt ut då avdøde Bon Scott var medlem.
I kjølvatnet av 9/11-åtaka vart songen «Safe in New York City» inkludert på 2001 Clear Channel-lista, ei liste over «lyrisk tvilsame» songar (seks andre AC/DC-songar kom med på lista: «Dirty Deeds Done Dirt Cheap,» «Shot Down in Flames,» «Shoot to Thrill,» «Hell's Bells,» «T.N.T.,» og «Highway to Hell»). I eit intervju med Alan Di Perna for Guitar World i mai 2000 - vel eit år før tragedien - vart Angus Young spurt om han verkeleg kjende seg trygg i New York City: «Den songen er litt ironisk meint. Førre gong eg var i New York, var det alt folk snakka om: kor trygt det var, kor flott det skulle bli å bu der. For meg har New York alltid vore ein by prega av uvisse. Du kan aldri gjetta kva som kjem til å skje.»
Stiff Upper Lip klatra til sjuandeplassen på den amerikanske Billboard-lista og nådde 12. plassen i Storbritannia. Det gjekk heilt til topps på albumlistene i Finland, Sverige, Tyskland og Austerrike. Den vart betre mottekne av kritikarane enn Ballbreaker, men vart rekna for å mangla nye idear.[16][17]
Alle songar er skrivne av Angus Young og Malcolm Young.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Stiff Upper Lip» | 3:34 |
2. | «Meltdown» | 3:41 |
3. | «House of Jazz» | 3:56 |
4. | «Hold Me Back» | 3:59 |
5. | «Safe in New York City» | 3:59 |
6. | «Can't Stand Still» | 3:41 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Can't Stop Rock 'n' Roll» | 4:02 |
8. | «Satellite Blues» | 3:46 |
9. | «Damned» | 3:52 |
10. | «Come and Get It» | 4:02 |
11. | «All Screwed Up» | 4:36 |
12. | «Give It Up» | 3:54 |
Total lengd: | 46:57 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Cyberspace» (B-side) | 2:59 |
2. | «Back in Black (Live – Plaza de Toros, Madrid, 1996)» (Young, Young, Johnson) | 3:41 |
3. | «Hard as a Rock (Live – Plaza de Toros, Madrid, 1996)» | 4:51 |
4. | «Ballbreaker (Live – Plaza de Toros, Madrid, 1996)» | 4:41 |
5. | «Whole Lotta Rosie (Live – Plaza de Toros, Madrid, 1996)» (Young, Young, Bon Scott) | 5:27 |
6. | «Let There Be Rock (Live – Plaza de Toros, Madrid, 1996)» (Young, Young, Scott) | 11:53 |
7. | «Stiff Upper Lip» (Musikkvideo) | 3:50 |
8. | «Safe in New York City» (Musikkvideo) | 4:01 |
9. | «Satellite Blues» (Musikkvideo) | 3:55 |
Stiff Upper Lip Live Video av AC/DC | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2001 | |
Innspelt | Olympiastadion, Munich, Tyskland, 14. juni 2001 | |
Sjanger | Hardrock, bluesrock | |
Lengd | 140 min. | |
Selskap |
| |
Produsent | Rocky Oldham |
Stiff Upper Lip Live er namnet på livevideoen gitt ut i 2001 av AC/DC, spelt inn 14. juni 2001 på Olympiastadion i München i Tyskland, på deira Stiff Upper Lip-turneen. Sporlista er som følgjer:
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Argentina (CAPIF)[43] | Gull | 30 000x |
Australia (ARIA)[44] | 3× Platina | 210 000^ |
Austerrike (IFPI Austerrike)[45] | Gull | 25 000x |
Canada (Music Canada)[46] | Platina | 100 000^ |
Finland (Musiikkituottajat)[47] | Gull | 27,417[47] |
Frankrike (SNEP)[48] | 2× Gull | 200 000* |
Tyskland (BVMI)[49] | 3× Gull | 450 000^ |
Spania(PROMUSICAE)[50] | Platina | 100 000^ |
Sverige (GLF)[51] | Gull | 40 000^ |
Sveits(IFPI Switzerland)[52] | Platina | 50 000x |
Storbritannia (BPI)[53] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[54] | Platina | 1 000 000^ |
Oppsummering | ||
Europa (IFPI)[55] | Platina | 1 000 000* |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |