Sense of Doubt Song av David Bowie frå albumet “Heroes” | ||
Utgjeve | 14. oktober 1977 | |
Innspelt | Juli–august 1977 | |
Sjanger | Ambient | |
Lengd | 3:57 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Tony Visconti |
«Sense of Doubt» er eit instrumentalt stykke skrive av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Det var den første av tre instrumentalar på side to av den originale vinylplata som glei over i kvarandre, før «Moss Garden» og «Neuköln».
Verket er omtalt som «storarta» og «grundig fryktinngytande»,[1][2] og er eit av dei mørkare spora på albumet, med eit fallande fire notar langt pianomotiv ved sidan av «ei skummel synthlinje som henta frå ein lydbit frå ein stumfilm frå ekspresjonisttida».[1] Brian Eno sa at dei kontrasterande temaa var resultatet av at han og Bowie kvar følgde eit Oblique Strategies-kort for å rettleie dei i innspelinga. Eno sitt instruerte han til å «gjere alt så likt som mogeleg» og Bowie sitt var å «understreke skilnader».[3]
«Sense of Doubt» vart framført på det italienske TV-programmet L’altra domenica i 1977 og gjennom “Heroes”-turneen i 1978.[4]