Sumpsongarfamilien
Grashoppesongar, Locustella naevia Foto: Steve Garvie
Grashoppesongar, Locustella naevia
Foto: Steve Garvie
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Sumpsongarfamilien Locustellidae
Bonaparte, 1854

Sumpsongarfamilien, Locustellidae, er ein biologisk familie av små insektetande «songarar», tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet Sylviidae. Desse fuglane finst hovudsakleg i Eurasia, Afrika, og den australske regionen.[1]

Artane denne familien er små fuglar, vanlegvis med lang og spiss stjert. Dei er mindre smett-aktige enn dei typiske Cettia-songarar, men som Cettia kjedelig brunaktig eller brungul i heile fjørdrakta. Vanlegvis er sumpsongarar større og slankare enn Cettia, og mange har kraftige, mørke striper på venger og / eller på undersida. Dei fleste lever i kratt og jaktar ofte bytte ved klatring i tjukke samanfiltra vekstar eller ved å følgje byttet på bakken, dei er kanskje dei mest bakkelevande av alle «songarar». Særs uvanleg for Passeriformes, i somme takson i denne familien kan ein observere begynnande evolusjon i retning tap av flygeevne.[2]

Blant alle familiar av «songarar» og timalar i superfamilien Sylvioidea, ligg sumpsongarar nærast gassarsongarfamilien, ein annan nyleg anerkjent familie.

Artslista

Dei 60 nolevande, anerkjente medlemmene av sumpsongarfamilien[3] i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5] Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)</ref>

Slekt Robsonius
Slekt Helopsaltes
Slekt Locustella
Slekt Poodytes
Slekt Malia
Slekt Cincloramphus
Slekt Megalurus
Slekt Elaphrornis
Slekt Schoenicola
Slekt Catriscus
Slekt Bradypterus

Kjelder

  • Alström, P.; Ericson, P.G.P.; Olsson, U. & Sundberg, P. (2006): Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38(2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015 PDF fulltext

Referansar

  1. Alström et al. (2006)
  2. del Hoyo et al. (2006)
  3. Norsk Ornitologisk Forening, Vedlegg til norske fuglenavn, tabell 3. 7. august 2014
  4. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff