Dette er ei diskusjonsside for prosjektsida Wikipedia:Mal og alle undersidene, dvs. Wikipedia:Mal/Generelt, Wikipedia:Mal/Hovudside, Wikipedia:Mal/Verda og geografi, Wikipedia:Mal/Tema, Wikipedia:Mal/Infoboksar, Wikipedia:Mal/Taksonomi, Wikipedia:Mal/Noreg, Wikipedia:Mal/Historie, Wikipedia:Mal/Bilete, Wikipedia:Mal/Brukarmeldingar, Wikipedia:Mal/Prosjekt, Wikipedia:Mal/Grunnmalar, Wikipedia:Mal/Referansar og henvisningar, Wikipedia:Mal/Vedlikehald og opprydding, Wikipedia:Mal/Spirer, Wikipedia:Mal/Usortert.
Skriv opp nye malar som er oppretta, men ikkje lagt inn på prosjektsida og/eller undersidene.
Kom gjerne med innspel når det gjeld strukturen på prosjektsida og grupperinga av malar.
Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset Guttorm 22. jun 2005 kl. 1229 (UTC)
Eg har no fått omsett malar for språk (Template:Språk) og kommunar (Template:Kommune). Ta ein kikk på til dømes polsk språk og Hå for å sjå korleis desse kan nyttast. Jarle 22:08, 13 Oct 2004 (UTC)
No skulle kommune- og fylkesmalane vera samkøyrde. Last opp våpena med filnamn "(kommune)-vapen.png" og karta med filnamn "(kommune)-kart.png" so skal dei koma opp av seg sjølve. Dette gjeld òg for fylka. Jarle 12:10, 15 Oct 2004 (UTC)
Finnes det maler for musikkalbum? eksempel --Hemo 6. feb 2005 kl. 1308 (UTC)
"Henvisning" er ganske dansk - vi bør gå yver til det norske "tilvising". Sidan dette omfatar sideflytjing, tek eg det upp her på pratesida fyrst. --Lastorset 13. august 2005 kl. 15:20 (UTC)
Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 8. september 2005 kl. 13:27 (UTC)
Eg leitte etter ei systematisk liste med malar under Wikipedia:Mal eller Wikipedia:Malar, slik som på nb:Wikipedia:Maler, men fann berre ein alfabetisk indeks for namnerommet Mal:. I mangel av ei systematisk liste vil eg gjerne laga ei, og vil i så fall bruka lista frå nb: som grunnlag og fylla inn med det som finst på nn:. --Eddi (Snakk) 6. apr 2005 kl. 0808 (UTC)
No har eg byrja med ei oversiktsside på Wikipedia:Mal og nokre undersider, og desse sidene er plassert i Kategori:Mal. Alle malane er ikkje gruppert i undersider enno, men det kan me kanskje samarbeida om. Dessutan ser det ut som det trengst ei opprydding i malane. Kva med eit Wikipedia:Wikiprosjekt Mal?
Når det gjeld målarar er eg ikkje særleg glad i psykososial og morbid kunst, så eg trur eg velgjer Kittelsen sjølv om han teikna mest... :) --Eddi (Snakk) 7. apr 2005 kl. 0120 (UTC)
Eg har oppretta ei heil rekkje einskildmalar til aviser, bygd på publikasjonsmalen. Kvar høyrer desse heime i den her oversikta?
Skal malane i framtida kategoriserast i tillegg til å førast opp her? På fleire andre wikipediar kategoriserar dei malane, men eg ser for meg at den her lista vil fungere godt, og at det berre fører med seg ekstraarbeid å kategorisere..?/ Kurtber™|Ordskifte 12. mai 2006 kl. 14:16 (UTC)
Innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:11, 16 august 2007 (CEST):
Kan ikkje dei som lagar malar (dei fleste gode og nyttige) oppdatera sida om malar? Eg klarar ikkje å hugse kva dei heiter og syntaksen på alle. --Ekko 11. mai 2006 kl. 06:51 (UTC)
Eg flyttar dette ned (dvs. opp) på lista. Det hadde vore så fint om A Me linka mal-oversikten frå Brukarportalen, B mal-oversikten var oppdatert, C Diskusjonssida til malen kort skildra korleis han skal nyttast. --Ekko 14:18, 8 januar 2007 (CET)
Slutt på innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:11, 16 august 2007 (CEST)
Denne sida er svært utdatert. Burde me prøva å i staden for dette systemet, heller gjer som bokmålswikien, og kategorisera malane, for så å bruka kategoriane som utgangspunkt? Martin NH 30. desember 2008 kl. 16:15 (CET)