Aphrodite Studioalbum av Kylie Minogue | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. juni 2010[1] | |
Innspelt | 2009–10 | |
Sjanger | Dansepop, electropop, synthpop | |
Lengd | 43:30 | |
Selskap | Parlophone Capitol Records | |
Produsent | Stuart Price[1] Kish Mauve Cutfather Peter Wallevik Daniel Davidsen Lucas Secon Damon Sharpe Starsmith Nerina Pallot Andy Chatterley Calvin Harris | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Kylie Minogue-kronologi | ||
X (2007) |
Aphrodite | Kiss Me Once (2014) |
Singlar frå Aphrodite | ||
|
Aphrodite er det ellevte studioalbumet av den australske songaren Kylie Minogue, utgjeven den 30. juni 2010. Minogue byrja å arbeida med elektronisk musikk-produsenten Stuart Price, som seinare var den utøvande produsenten av albumet. Dei samarbeidde med ulike produsentar og låtskrivarar på albumet inkludert Jake Shears, Calvin Harris, Sebastian Ingrosso og Pascal Gabriel. Aphrodite har ein musikkstil som er liknande på dei andre albuma av Minogue og er for det meste ein dansepop og disco-album.
Etter utgjevinga mottok albumet positive omtalar frå kritikarar. I Australia nådde albumet andreplassen på ARIA Charts og vart seinare sertifisert platina. I Storbritannia nådde albumet fyrsteplassen på UK Albums Chart, ein prestasjon innhenta med det første studioalbumet hennar, Kylie (1988), på same veke 22 år tidlegare. Aphrodite var det fjerde studioalbumet av Minogue som nådde fyrsteplassen på den britiske hitlistene og gjorde henne den første songaren til å ha eit fyrsteplass-album i fire ulike tiår i landet, oppnå dette i 1980-åra, 1990-åra, 2000-åra og 2010-åra.
Fire singlar vart utgjeven frå albumet. Den første singelen «All the Lovers» var vellukka i mange europeiske land og nådde tredjeplassen i Storbritannia. Den andre singelen «Get Outta My Way» nådde den Top 20 i Storbritannia men ikkje den Top 50 i Australia. Den tredje singelen «Better than Today» nådde ikkje den Top 50 i Australia og den Top 20 i Storbritannia. «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» vart utgjeven som den fjerde singelen frå Aphrodite og nådde den Top 50 i Australia. Alle fire singlar utgjeven frå albumet nådde fyrsteplassen på den Billboard Hot Dance Club Songs-listene.
Albumet vart fronta av singelen «All the Lovers» som kom ut på førehand, og vart utgjeven over heile verda i juli 2010.[2] «All the Lovers» var ein av dei siste songane som vart skrive for albumet, og denne vart seinare valt som første singelen. På Aphrodite er Stuart Price den viktigaste produsenten, medan låtskrivarane er Minogue, Stuart Price, Calvin Harris, Jake Shears, Nerina Pallot, Pascal Gabriel, Lucas Sekon, Tim Rice-Oxley og Kish Mauve.[2] Price bidrog til albumet med ei kreativ økt med Minogue i New York i slutten av 2009. Albumet inneheld ingen balladar, men nokre slike songar vart spelt inn under innspelinga av albumet. Songen «Better than Today» vart framført av Minogue på den nordamerikanske turneen hennar, For You, For Me Tour, før innspelinga.
Minogue la seinare ut på turneen Aphrodite World Tour. Turneen vart hennar største så langt og dei vitja fem verdsdelar i alt inkludert Europa, Asia, Nord-Amerika, Oseania og Afrika.
Aphrodite nådde topplistene i over femten europeiske land. Albumet nådde fyrsteplass på dei britiske hitlistene og var det femte albumet til Minogue som nådde fyrsteplass på lista.[3] I USA vart dette det nestbestseljande albumet hennar med sal av over 18 000 eksemplar i løpet av den første veka, og albumet nådde nittandeplass på Billboard 200. I Australia vart albumet det tiande Top 10-studioalbumet hennar og det nådde andreplassen på den australske albumlista.[4] I Tyskland vart albumet hennar det tredje til å nå Top 10, det første sidan Fever.[5] Aphrodite vart sertifisert til platina i Australia og Storbritannia for sal av over 70 000 og 300 000 eksemplar.[6][7]
Den første singelen frå Aphrodite vart som «All the Lovers».[8] Under eit intervju med CNN fortalde Minogue om valet av songen som første singel. Songen fekk positive anmeldelser frå kritikarar[9] og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.[10] Songen nådde òg Top 10 og Top 20 på hitlistene i Europa, Asia og Australia.[11][12]
Den andre singelen «Get Outta My Way» vart utgjeven over heile verda i september 2010.[13] Songen kom ut i oktober 2010 i Australia. I eit intervju skildra Kylie songen som «rein dansepop» og seier at energien er særs smittande.[14]
«Better than Today» vart den tredje singelen frå albumet og vart utgjeven den 6. desember 2010 i Storbritannia. Songen har fått stort sett positive meldingar frå kritikarar. I USA nådde songen fyrsteplassen på Billboard-danselista.
«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» vart utgjeven som den fjerde singelen. Songen kom ut 3. juni 2011 over heile verda. «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» nådde fyrsteplass på Billboard-danselistene, der Minogue no har oppnådd fem påfølgjande fyrsteplass-singel. Songen nådde ikkje topplistene i Australia og Storbritannia.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Produsent(ar) | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «All the Lovers» | Kish Mauve | Eliot, Stuart Price | 3:20 |
2. | «Get Outta My Way» | Mich Hansen, Lucas Secon, Damon Sharpe, Peter Wallevik, Daniel Davidsen | Cutfather, Davidsen, Wallevik, Price, Secon, Sharpe | 3:38 |
3. | «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» | Starsmith, Nervo | Starsmith, Price | 3:38 |
4. | «Closer» | Stuart Price, Beatrice Hatherley | Price | 3:10 |
5. | «Everything is Beautiful» | Tim Rice-Oxley, Frase T. Smith | Smith | 3:25 |
6. | «Aphrodite» | Nerina Pallot, Andy Chatterley | Chatterley, Pallot, Price | 3:45 |
7. | «Illusion» | Kylie Minogue, Stuart Price | Price | 3:21 |
8. | «Better than Today» | Nerina Pallot, Andy Chatterley | Chatterley, Pallot, Price | 3:25 |
9. | «Too Much» | Kylie Minogue, Calvin Harris, Jake Shears | Harris | 3:16 |
10. | «Cupid Boy» | Sebastian Ingrosso, Magnus Lidehall, Nick Clow | Ingrosso, Lidehäll, Price | 4:26 |
11. | «Looking for an Angel» | Kylie Minogue, Stuart Price | Price | 3:50 |
12. | «Can't Beat the Feeling» | Hannah Robinson, Pascal Gabriel, Borge Fjordheim, Matt Prime, Richard Philips | Fjordheim, Gabriel, Price | 4:10 |
|
|
Toppliste (2010–11) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[4] | 2 |
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[15] | 3 |
Belgia (Ultratop Flandern)[16] | 4 |
Belgia (Ultratop Vallonia)[17] | 3 |
Canada (Canadian Albums Chart)[18] | 8 |
Kroatia (Hrvatska Diskografska Udruga)[19] | 10 |
Tsjekkia (ČNS IFPI)[20] | 5 |
Danmark (Tracklisten)[21] | 21 |
Nederland (MegaCharts)[22] | 4 |
Europa (European Top 100 Albums)[23] | 1 |
Finland (Suomen virallinen lista)[24] | 22 |
Frankrike (SNEP)[25] | 3 |
Tyskland (Media Control Charts)[5] | 3 |
Hellas (IFPI Greece)[26] | 1 |
Ungarn (Mahasz)[27] | 18 |
Irland (Irish Albums Chart)[28] | 5 |
Italia (FIMI)[29] | 9 |
Japan (Oricon)[30] | 28 |
Mexico (AMPROFON)[31] | 22 |
New Zealand (RIANZ)[32] | 11 |
Noreg (VG-lista)[33] | 16 |
Polen (ZPAV)[34] | 6 |
Skottland (Scottish Albums Chart)[35] | 1 |
Spania (PROMUSICAE)[36] | 2 |
Sverige (Sverigetopplistan)[37] | 9 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[38] | 2 |
Storbritannia (UK Albums Chart)[10] | 1 |
USA (Billboard 200)[39] | 19 |
USA (Dance/Electronic Albums)[40] | 2 |
Land | Sertifisering | Sal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[6] | Platin | 70 000 |
Belgia (BEA)[41] | Gull | 15 000 |
Storbritannia (BPI)[7] | Platina | 300 000 |
Land | Dato | Format | Plateselskap |
---|---|---|---|
Japan | 30. juni 2010 | CD+DVD | EMI |
Australia | 2. juli 2010 | CD, CD+DVD, digital download, vinyl | Warner Music Group |
Tyskland | EMI | ||
Nederland[42] | |||
Sveits | |||
Austerrike | |||
Polen | |||
Spania | |||
Storbritannia | 5. juli 2010 | Parlophone | |
Brasil | EMI | ||
Frankrike | |||
Danmark | |||
New Zealand | Warner Music | ||
USA | 6. juli 2010 | Capitol Records | |
Canada | EMI | ||
Taiwan | Gold Typhoon | ||
Israel | 7. juli 2010 | Helicon Records |