All the Lovers Singel av Kylie Minogue frå albumet Aphrodite | ||
B-side |
«Go Hard or Go Home» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. juni 2010 | |
Innspelt | 2010 | |
Sjanger | Electropop, synthpop | |
Lengd | 3:20 | |
Selskap | Parlophone | |
Tekstforfattar | Jim Eliot, Mima Stilwell | |
Låtskrivar(ar) | Kish Mauve | |
Produsent | Jim Eliot Stuart Price | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«The One» (2008) |
All the Lovers | «Get Outta My Way» (2010)
|
«All the Lovers» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue og vart utgjeven som den første singelen frå det ellevte studioalbumet hennar, Aphrodite. Songen er skriven av den engelske electropopduoen Kish Mauve og var ein av dei siste songane som blei spelte inn til albumet.
Minogue annonserte på den offisielle heimesida den 20. april 2010 utgjevinga av singelen «All the Lovers» og deretter det ellevte studioalbumet sitt, Aphrodite, i juli same året. «All the Lovers» vart positivt motteken av kritikarane, som meinte songen var dansbar og rekna han som ein klassisk Minogue-singel. Songen vart ein kommersiell suksess særleg i Europa, og nådde Topp 10 i land som Tyskland, Irland og Italia, og Topp 5 i Frankrike, Slovakia og Storbritannia.
«All the Lovers» nådde 31.-plassen på Billoard Dance/Club Play Songs den 26. juni 2010. Songen nådde 22.-plassen neste veke og fyrsteplassen den 5. august.[1] I Canada nådde songen 72.-plassen på Canadian Hot 100.[1] «All the Lovers» nådde fjortandeplassen i Australia den 21. juni 2010 og seinare trettandeokaseb.[2] I Storbritannia nådde songen fjerdeplass den første veka på UK Singles Chart[3] og selte over 18 500 eksemplar. «All the Lovers» nådde tredjeplassen to veker seinare.[4] I Irland nådde songen sjetteplass den 18. juni 2010.[5] «All the Lovers» nådde òg Topp 10 i Austerrike og Tsjekkia, Topp 40 i Belgia, Sverige og Spania.
«All the Lovers» er ein electropopsong i midttempo med framtredande synthesizerar, som har vorte samanlikna med singelen «I Believe in You». Teksta er ein invitasjon til dansegolvet, samstundes som eit tidlegare kjærasteforhold blir samanlikna med tilhøvet til den noverande kjærasten.
Videoen vart filma i mai 2010 i Los Angeles i California, og viser Minogue på toppen av menneske kledd i kvitt undertøy, omgjeven av ulike kvite flytande objekt. Minogue forklarte at videoen var eit uttrykk for synet hennar på seksualitet og sensualitet.
Toppliste (2010) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[6] | 13 |
Austerrike (Ö3 Austria Top 75)[7] | 5 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8] | 10 |
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[9] | 8 |
Kanada (Canadian Hot 100)[10] | 72 |
Tsjekkia (IFPI)[11] | 18 |
Danmark (Tracklisten)[12] | 26 |
Nederland (Mega Single Top 100)[13] | 61 |
Frankrike (SNEP)[14] | 3 |
Tyskland (Media Control Charts)[15] | 10 |
Ungarn (Mahasz)[16] | 2 |
Irland (Irish Singles Chart)[17] | 6 |
Italia (FIMI)[18] | 6 |
Japan (Japan Hot 100)[19] | 11 |
Korea (GAON)[20] | 11 |
Slovakia (IFPI)[21] | 4 |
Spania (PROMUSICAE)[22] | 6 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[23] | 6 |
Sverige (Sverigetopplistan)[24] | 33 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[25] | 3 |
USA (Hot Dance Club Songs)[1] | 1 |
Land | Sertifisering |
---|---|
Australia (ARIA) | Guld |
Italia (FIMI) | Gull |
Storbritannia (BPI) | Sylv |