Slow Singel av Kylie Minogue frå albumet Body Language | ||
B-side |
«Soul on Fire» | |
---|---|---|
Utgjeve | 3. november 2003 | |
Innspelt | 2003 London i England | |
Sjanger | Electropop, synthpop | |
Lengd | 3:15 | |
Selskap | Parlophone Capitol Records | |
Tekstforfattar | Kylie Minogue | |
Låtskrivar(ar) | Kylie Minogue Dan Carey Emilíana Torrini | |
Produsent | Sunnyroads | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«Come into My World» (2002) |
Slow | «Red Blooded Woman» (2004)
|
«Slow» er ein electropopsong skriven av den australske songaren Kylie Minogue saman med Dan Carey og Emilíana Torrini for studioalbumet Body Language frå 2003. Han vart produsert av Sunnyroads og fekk positiv kritikarmottaking.[1][2] Songen vart utgjeven som den første singelen frå albumet seint i 2003 og nådde førsteplassen på topplistene i Australia, Danmark, Romania og Storbritannia.
«Slow» kom ut i Storbritannia 3. november 2003. Songen vart den sjuande singelen hennar som nådde førsteplassen på hitlista der, og han låg til saman ti veker på lista. Sjølv om «Slow» nådde førsteplassen i Storbritannia på UK Singles Chart, vart det berre selt 43 000 eksemplar. Songen gjorde det òg godt utanfor Storbritannia. I Australia nådde den førsteplassen på ARIA Charts og vart den niande singelen hennar til å gjere det. «Slow» vart sertifisert til platina for sal av over 70 000 eksemplar.[3] I Europa nådde singelen førsteplassen i Danmark og Romania. Songen var òg ein suksess i dei fleste landa inkludert Belgia, Finland, Tyskland, Ungarn, Irland, Italia, Nederland og Noreg. I Canada kom songen ut 13. januar 2004 og nådde sjetteplassen på topplista der, noko som gjorde han til ein av dei mest suksessrike singlane hennar der.
Grunna god mottaking av tidlegare Minogue-utgjevingar vart òg «Slow» utgjeven i USA. Capitol Records valde i utgangspunktet «Cruise Control» som den første amerikanske singelen, men desse planane vart vraka og dei gav ut «Slow» i staden. «Slow» vart den tredje utgjevinga hennar som nådde Billboard-danselistene. Songen vart likevel ingen suksess på Billboard Hot 100, og blei berre liggjande tre veker på listene.
Videoen vart filma over ein periode på tre dagar i den spanske byen Barcelona. Han opnar med at ein mann stuper uti eit symjebasseng frå eit stupebrett med utsyn over høghus i Barcelona. Etter dette syner videoen Minogue berrbeint i ein minikjole.
Dette er formata og spora på ulike utgjevingar av singelen «Slow».[4]
|
|
Toppliste (2003–04) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[5] | 1 |
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[6] | 20 |
Belgia (Ultratop Flandern)[7] | 9 |
Belgia (Ultratop Vallonia)[8] | 26 |
Canada (Canadian Hot 100)[9] | 6 |
Danmark (Tracklisten)[10] | 1 |
Europa (European Hot 100 Singles)[11] | 2 |
Finland (Suomen virallinen lista)[12] | 3 |
Frankrike (SNEP)[13] | 45 |
Ungarn (Mahasz)[14] | 4 |
Irland (IRMA)[15] | 5 |
Italia (FIMI)[16] | 6 |
Nederland (Mega Single Top 100)[17] | 8 |
New Zealand (RIANZ)[18] | 9 |
Noreg (VG-lista)[19] | 4 |
Spania (PROMUSICAE)[20] | 18 |
Sverige (Sverigetopplistan)[21] | 16 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[22] | 18 |
Tyskland (Media Control Charts)[23] | 8 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[24] | 1 |
USA (Billboard Hot 100)[25] | 91 |
USA (Billboard Hot Dance Club Songs)[26] | 1 |
USA (Billboard Pop Songs)[27] | 35 |
Sted | Dato | Selskap |
---|---|---|
Storbritannia[4] | 3. november 2003 | Parlophone |
Japan[4] | 10. november 2003 | |
Frankrike[4] | ||
Canada[4] | 13. januar 2004 | Capitol Records |