Better than Today Singel av Kylie Minogue frå albumet Aphrodite | ||
Utgjeve | 3. desember 2010 | |
Innspelt | 2009 London i England | |
Sjanger | Pop, synthpop | |
Lengd | 3:25 | |
Selskap | Parlophone | |
Tekstforfattar | Nerina Pallot, Andy Chatterley | |
Låtskrivar(ar) | Nerina Pallot Andy Chatterley | |
---|---|---|
Produsent | Nerina Pallot Andy Chatterley Stuart Price | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«Get Outta My Way» (2010) |
Better than Today | «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» (2011)
|
«Better than Today» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue frå hennar ellevte studioalbum Aphrodite (2010). Songen kom ut 3. desember 2010 som den tredje singelen frå albumet i Storbritannia. Songen vart skriven og produsert av Nerina Pallot og Andy Chatterley.
«Better than Today» fekk stort sett positive kritikkar, og mange likte dansepopstilen. Songen debuterte som nummer 67 på UK Singles Chart,[1] og nådde seinare 32. plass. Plasseringa bygde på digitale sal av albumet, ettersom singelen ikkje vart utgjeven før 3. desember. Listeplasseringa er ei av lågaste Minogue har hatt i Storbritannia.[2] Singelen hadde liknande resultat i andre europeiske land, og nådde 27. plass i Skottland og 63. plass i Frankrike.[3]
«Better than Today» er ein popsong med element frå rock, funk, soul og country.[4][5] Han tek i bruk elektrisk og akustisk gitar, synthesizer og trommeprogrammering.
Musikkvideoen var regissert av Kylie Minogue sjølv, og vart vist for første gong 19. november 2010. Videoen byrjar med Kylie Minogue som dansar på ei scene omgjeven av ljos, og kvinnelege dansarar med rosa parykkar og gitaristar med hjelmar på. Minogue blir seinare vist omgjeven av raudt ljos, medan mikrofonen sender ut ljosstrålar.
Toppliste (2010) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[6] | 55 |
Frankrike (SNEP)[7] | 63 |
Skottland (UK Singles Chart)[8] | 27 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[9] | 32 |
USA (Billboard Hot Dance Club Songs)[10] | 1 |
Land | Dato | Format | Plateselskap |
---|---|---|---|
Austerrike | 3. desember 2010 | Digital EP | EMI |
Belgia | |||
Canada | |||
Danmark | |||
Finland | |||
Frankrike | |||
Tyskland | |||
Irland | |||
Nederland | |||
Sveits | |||
Storbritannia | Parlophone | ||
USA | Astralwerks | ||
Noreg | 6. desember 2010 | EMI | |
Sverige | |||
Storbritannia | 7"-single, CD-single | Parlophone | |
Italia | 7. desember 2010 | Digital EP | EMI |
Spania | |||
Taiwan | 10. desember 2010 | CD single | Gold Typhoon |
Australia | 28. februar 2011 | Digital EP | Warner Music Australia |
New Zealand | |||
USA | 8. mars 2011 | Remix-EP | Astralwerks |
Australia | 18. mars 2011 | CD-single | Warner Music Australia |