Put Your Hands Up (If You Feel Love) Singel av Kylie Minogue frå albumet Aphrodite | ||
B-side |
«Silence» | |
---|---|---|
Utgjeve | 29. mai 2011 | |
Sjanger | Dansepop, synthpop | |
Lengd | 3:38 | |
Selskap | Parlophone | |
Låtskrivar(ar) | Finlay Dow-Smith Miriam Nervo Olivia Nervo | |
Produsent | Starsmith Stuart Price | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«Better than Today» (2010) |
Put Your Hands Up (If You Feel Love) | «Timebomb» (2012)
|
«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue utgjeven som den fjerde singelen frå det ellevte studioalbumet hennar, Aphrodite (2010).
«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» vart skriven av Finlay Dow-Smith, Miriam Nervo og Olivia Nervo.[1] Songen vart produsert av Starsmith og Stuart Price. Ettersom singlane «Better than Today» og «Get Outta My Way» ikkje selde så bra som Minogue hadde håpa, kunngjorde ho at det ville ikkje koma fleire singlar frå albumet.[2] Dette gjekk plateselskapet seinare tilbake på og annonserte at «Put Your Hands Up (If You Feel Love)» ville kome ut som digital singel den 31. mai 2011. Utgjevingsdatoen vart seinare flytt til 5. juni av hovudselskapet hennar, Parlophone Records.
Singelen kom først ut i Japan den 29. mai 2011 som ein digital versjon inkludert eit nytt spor som heiter «Silence». Denne og ein annan versjon med remiksar vart begge utgjevne i Europa og i Australia. Spora på CD-en vart òg utgjevne digitalt, slik at totalt tre ulike digitale versjonar kom ut i Australia. Biletet for dei fleste utgjevingane viser Minogue i ein Dolce & Gabbana-drakt designa for turneen hennar, Aphrodite: Les Folies Tour.
«Put Your Hands Up (If You Feel Love)» låg ei veke på fleire hitlister, mellom anna i Australia, Austerrike og Storbritannia. Singelen nådde som nummer 50 i Australia på ARIA Charts og som nummer 93 i Storbritannia på UK Singles Chart. I Belgia nådde songen opp som nummer 48 den 11. juni 2011 og nummer 36 den 25. juni 2011 på Ultratip. I USA nådde singelen nummer 41 på Billboard (Hot Dance Club Songs) den 9. juli 2011 og førsteplass den 3. september 2011.[3] Alle singlane frå Aphrodite har nådd førsteplass på denne topplista.
|
|
Toppliste (2011) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[4] | 50 |
Austerrike (Ö3 Austria Top 75)[5] | 38 |
Belgia (Ultratip Flandern)[6] | 36 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[7] | 93 |
USA (Billboard Hot Dance Club Songs)[3] | 1 |
Land | Dato | Format | Plateselskap |
---|---|---|---|
Danmark | 29. mai 2011 | Digital EP 1 | EMI |
Frankrike | |||
Tyskland | |||
Irland | |||
Japan | |||
Storbritannia | Parlophone | ||
Danmark | 3. juni 2011 | The Remixes digital EP | EMI |
Frankrike | |||
Tyskland | |||
Irland | |||
Japan | |||
Austerrike | Digital EP 1, The Remixes digital EP | ||
Belgia | |||
Finland | |||
Italia | |||
Nederland | |||
Sveits | |||
New Zealand | Digital EP 1, Digital EP 2, The Remixes digital EP | Warner Music Australia | |
Australia | |||
Storbritannia | 5. juni 2011 | The Remixes digital EP | Parlophone |
Canada | 7. juni 2011 | Digital EP 1, The Remixes digital EP | Astralwerks |
USA | |||
Spania | EMI | ||
Australia | CD single | Warner Music Australia |