Azzoun | |||
عزّون, עזון, 'Azzoun, Azon | |||
kommune | |||
Azzoun
| |||
Namneopphav: Azzun, personal name[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°10′35.34″N 35°03′34.43″E / 32.1764833°N 35.0595639°E | ||
Areal | 9,1 km² | ||
Folketal | 8 300 (2006) | ||
Folketettleik | 912 / km² | ||
![]() Azzun 32°10′35″N 35°03′34″E / 32.176483333333°N 35.059563888889°E | |||
Wikimedia Commons: Azzoun | |||
Azzoun eller Azzun (arabisk عزّون) er ein palestinsk by i Qalqilya guvernement nord på Vestbreidda, 9 kilometer vest for Qalqilya og 24 kilometer sør for Tulkarm. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Azzoun, i lag med dei nærliggande landsbyane Islah og Izbat al-Tabib, eit folketal på over 8 900 i 2007.[2] Dei fleste innbyggjarane er muslimar, med ein særs liten kristen minoritet.[3][4]
Like nord for landsbyen vart seks-sju steintårn utforska i 1873. Det best bevarte hadde seks skifter ståande, og ein del av eit tak. Dei lokale sa dei var eldgamle vintårn.[5]
Azzoun var åstad for eit slag under felttoget til Napoleon Bonaparte i Osmansk Syria.[6]
Då den franske hæren marsjerte inn i Palestina kommandert av Napoleon i februar 1799, møtte han kraftig og uventa motstand frå innbyggjarane i Jabal Nablus kommandert av lokale leiarar. Dei gjekk til åtak på den franske hæren då dei marjserte mot Akko, særleg nær Azzoundalen, og tok del i slaget ved Tal-Tabur.
I 1852 vitja den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson landsbyen, og skreiv at han hadde 290 menn, alle muslimar utanom ein kristen familie.[7] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Azzun som ein «liten landsby i ei låg åsside, med fleire brunnar og oliven på kvar side.»[8]
Før den arabisk-israelske krigen i 1948 hadde byen eit landområde på 23 496 mål. I dag består byen av 9 130 mål der 1 209 mål er utbygde område. Det ligg fire moskear i byen. Dei fleste innbyggjarane arbeider innan jordbruk og dyrehald (40 %) eller handel og handverk (41%), medan 19 % arbeider innan offentleg sektor.
I folketeljinga i 1922 hadde Azzun eit folketal på 700, 9 kristne og 691 muslimar.[9]
I 1945 var folketalet i Azzoun, i lag med Nabi Ilyas og Islah, 1 190, alle arabarar, som eigde 23 496 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 5 494 mål for plantasjar og irrigert land, 1 420 vart nytta for korn,[11] medan 55 mål var utbygd (urbant) land.[12]