Qalqilya | |||
قلقيلية | |||
by | |||
Qalqilya
| |||
Namneopphav: Ein type granateple, eller «gurgling av vatn»[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°11′25.36″N 34°58′06.63″E / 32.1903778°N 34.9685083°E | ||
Areal | 25,6 km² | ||
Folketal | 41 739 (2007)[2] | ||
Folketettleik | 1 630 / km² | ||
Borgarmeister | Othman Dawoud | ||
Qalqilya 32°11′25″N 34°58′07″E / 32.190377777778°N 34.968508333333°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Qalqilia | |||
Nettstad: www.qalqiliamun.ps | |||
Qalqilya (arabisk قلقيلية Qalqīlyaḧ; hebraisk skrift קַלְקִילִיָה) er ein palestinsk by på Vestbreidda. Qalqilyah er det administrative senteret i Qalqilya guvernement. I 2007 hadde han eit folketal på 41 739.[2] Qalqilya er omgjeven av Israel si sperring på Vestbreidda med ei smal opning i aust som er kontrollert av det israelske militæret og ein tunnel til Hableh.[3][4]
Regionen har vore folkesett sidan førhistorisk tid, og det er gjort funn av førhistoriske flintreiskapar i området.
I 1596 stod Qalqili oppført i osmanske skattelister som ein landsby i Bani Sa'b nahiya i Nablus liwa . Han hadde eit folketal på 13 muslimske hushald og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven og geiter eller bikubar.[5]
I 1882 vart Qalqilya skildra som «ein stor, ganske spreidd landsby, med cisterner i nord og eit basseng i sørevst. Husa er i dårleg stand.»[6]
Qalqilya vart ein sjølvstendig lokal kommune i 1909.[treng kjelde]
I folketeljinga i 1922 hadde Qalqileh eit folketal på 2803, 9 kristne og 2 794 muslimar.[7]
I folketeljinga i 1931 hadde Qalqilya 796 busette hus og eit folketal på 3855 muslimar og 12 kristne.[8]
I 1948 slo flyktningar frå dei arabiske landsbyane Kafr Saba og Abu Kishek seg ned i Qalqilya og fekk hjelp frå UNRWA. I våpenkvileavtalen i 1949 mellom Israel og Jordan vart byen ein del av det Jordan-okkuperte området.
Natta den 10. oktober 1956 gjekk den israelske hæren til åtak mot politistasjonen i Qalqilya. Moshe Dayan gav ordre om åtaket og det omfatta fleire tusen soldatar. Under kampane vart eit kompani fallskjermjegerar omringa av jordanske soldatar, og dei overlevande klarte berre så vidt å kome seg unna med luftstøtte frå fire israelske luftfartøy. Israelarane mista 18 mann, medan 68 vart skadde. Mellom 70 og 90 jordanarar vart drepne.[9]
Etter erobringa av Qalqilya i seksdagarskrigen vart innbyggjarane drivne bort og mange av bygningane rivne ned. I memoarane sine skildra Moshe Dayan øydelegginga som ei «straff» meint å jage innbyggjarane bort.[treng kjelde] Landsbybuarane fekk etter kvart lov å vende heim att og oppbygginga av dei øydelagde husa vart finansiert av dei militære styresmaktene.[10] I september 1967 hadde byen 8 922 innbyggjarar, der 1 837 opphavleg var frå israelske område.[11]
I 2003 vart Israel si sperring på Vestbreidda bygd kring byen, slik at han vart fråskild jordbruksområdet på andre sida av sperringa.[12]