Sanniriya | |||
صنّيريّه, סניריא | |||
kommune | |||
Namneopphav: Senirieh s.n.[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°07′42″N 35°02′49″E / 32.12833°N 35.04694°E | ||
Folketal | 2 780 (2007) | ||
Grunnlagd | 1300-talet | ||
![]() Sanniriya 32°07′42″N 35°02′49″E / 32.128333333333°N 35.046944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Sanniriya | |||
Sanniriya (arabisk صنّيريّه, hebraisk skrift סניריא) er ein palestinsk by i Qalqilya guvernement vest på Vestbreidda, sør for Qalqilya og 36 km sørvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på kring 2 780 innbyggjarar i 2007.[2]
Sanniriya vart grunnlagd på 1300-talet av Issa as-Saniri, ein heilag mann frå Syria, som er gravlagd i landsbyen.[3] På grunn av grava hans, vert det halde religiøse festivalar i landsbyen og den gamle moskéen vart bygd like ved på 1300-talet.
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870, og skreiv at han låg på ei høgd med kring 700 innbyggjarar. Mange av husa verka nybygd, og berre somme cisterner verka gamle. På det høgaste punktet i landsbyen låg ein liten moské.[4] I The Survey of Western Palestine (1882) vart landsbyen (kalla «Senirieh») skildra som ein «liten steinlandsby, på ein rygg, omgjeve av oliven, og forsynt av cisterner.»[5]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Sanniriya (kalla «Sainiriyeh») eit folketal på 529, alle muslimar,[6] medan han i folketeljinga i 1931 (inkludert Khirbat Azztun) hadde 165 busette hus og eit folketal på 722, igjen alle muslimar.[7] I 1945 var folketalet i Sanniriya 990 arabarar, medan det samla landarealet var 12 685 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 2 895 for plantasjar og irrigert land, 4 432 for korn,[9] medan 45 mål var klassifisert som utbygde område.[10]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949 var staden under Jordan sitt styre.
Sanniriya var ikkje involvert i seksdagarskrigen i 1967 mellom Israel og ein koalisjon av arabarstatar, som enda opp med at Israel okkuperte landsbyen og heile Vestbreidda. I 1969 deltok fleire innbyggjarar i eit slag mot israelske styrkar i Jordandalen. Mellom slutten av 1970-åra til 2000 vart dei israelske busetjingane Etz Efraim og Elkana bygd på landområda til Sanniriya. Under den første intifadaen som byrja i 1987, vart mange av innbyggjarane sette i fengsel for å ha delteke i opprør og to hus vart rivne ned. Etter den andre Intifada vart Israel si sperring på Vestbreidda bygd nær Sanniriya.