Hableh | |||
حبله, חבלה, Hable, Habla, Hablah, Hibla, Hiblah | |||
kommune | |||
Namneopphav: Gravid[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°09′53″N 34°58′38″E / 32.16472°N 34.97722°E | ||
Areal | 10,9 km² | ||
Folketal | 6 150 (2006) | ||
Folketettleik | 564 / km² | ||
![]() Hableh 32°09′53″N 34°58′38″E / 32.16472222°N 34.97722222°E | |||
Wikimedia Commons: Hableh | |||
Hableh (arabisk skrift حبله, òg skrive Hable, Habla, Hablah, Hibla eller Hiblah; hebraisk skrift חבלה) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement nordvest på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Hableh eit folketal på over 6 150 innbyggjarar i 2006.[2]
Habla ligg ligg like aust for Den grøne linja, kring 1,5 km søraust for den palestinske byen Qalqilya, på Vestbreidda.[3][4]
Det ligg dusinvis av graver, med nisjer, i området, i tillegg til fleire cisterner. Gravtypen indikerer at dei er kristne.[5] Ein har òg funne ruinar av ein eldgammal moské og hus i landsbyen.[6] Under osmansk styre i Palestina stod Hableh oppført i osmanske skattelister i 1596, der han er oppført som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 41 muslimske hushaldningar.[7]
Edward Robinson og Eli Smith vitja Hableh midt på 1800-talet og skildra staden i sørsida av ein låg rygg oppom ein slette, der ein kunne sjå landsbyane Kilkilieh, Kfer Saba, Jiljulieh og Ras al Ain.[8] Sør for landsbyen og nord for ein wali fann Robinson og Smith fleire cisterner hogge ut i berget.[8][9]
Victor Guérin vitja Hableh seinare dette hundreåret, og estimerte at landsbyen hadde 800 innbyggjarar, og at nokre få hus, men særleg moskéen, var bygde med store steinar som tilsynelatande var frå antikken. Han òg noterte dei gamle uthogde cisternene kring landsbyen.[10] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Hableh som ein «mellomstor landsbyen, tydelegvis gammal, omgjeve av cisterner og graver. Husa er hovusakleg av stein. Vassforysninga kjem frå cisterner.»[11]
Etter fyrste verdskrigen tok britane over styret i Palestina og viseguvernøren i Nablus vart stasjonert i Habla.[12] I mandattida var Hableh ein del av Tulkarm underdistrikt.
I folketeljinga i 1922 hadde Hableh eit folketal på 271, alle muslimar,[13] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 86 busette hus med eit folketal på 397, framleis alle muslimar.[14] Mot slutten av mandattida, i 1945, hadde folketalet auka til 580.[15]
Innbyggjarane i Habla var blant dei 10 000 palestinarane som vart forflytta etter seksdagarskrigen i 1967.[16] I følgje Nur Masalha dreiv israelske styrkar bort sivile og øydela Habla og fleire andre landsbyar under krigen.[17]
I følgje ein rapport i The Jerusalem Times den 24. januar 1996, byrja israelske bulldosarar og jamne ut eit 1,7 kvadratkilometer stort område som høyrte til Hiblah for å byggje eit elektrisk gjerde som skulle skilje byane Tulkarm og Kalkiliya frå den grøne linja. Same dagen vart ein innbyggjar i Hiblah skoten i hovudet av israelske soldatar som skaut mot palestinarar som prøvde å stoppe bulldosarane. I februar same året vart det rapportert at tryggingsgjerdet som vart bygd på området til Hibla skulle vere 22 km langt og skilje landsbyen frå den israelske busetjinga Matti.[18]
Bygginga av Israel si sperring på Vestbreidda nord for landsbyen på 2000-talet endra livet til innbyggjarane i Habla. Kvar morgon kl. 05 møtte dei opp ved ein port i gjerdet som låg kring Habla. Her vart dei passa på av soldatar frå Det israelske forsvaret (IDF) medan dei venta kring to timar på å sleppe gjennom til ei lukka militærsone, der dei prøvde å dyrke jorda som dei eigde, eller dra inn til Qalqilya for å arbeide.[19]