Countdown to Ecstasy Studioalbum av Steely Dan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1973 | |
Studio | Caribou Ranch i Nederland i Colorado og The Village Recorder i Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:04 | |
Selskap | ABC | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
---|---|---|
Can't Buy a Thrill (1972) |
Countdown to Ecstasy | Pretzel Logic (1974)
|
Singlar frå Countdown to Ecstasy | ||
|
Countdown to Ecstasy er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet Steely Dan, gjeve ut i juli 1973 på ABC Records. Det vart spelt inn på Caribou Ranch i Nederland i Colorado, og i The Village Recorder i Los Angeles i California.[4] Etter at songaren David Palmer slutta, spelte gruppa inn albumet med Donald Fagen som solovokalist på andre songane.[5]
Sjølv om det fekk strålande kritikk, var det ingen hitsinglar på albumet, og det nådde berre 35. plassen på Billboard 200. Det selde etter kvart til gullplate i USA i 1978 for 500 000 selte eksemplar. Den gode kritikken har halde ved lag i alle år.
Som debutalbumet deira, Can't Buy a Thrill frå 1972, består Countdown to Ecstasy av rock innblanda med jazz.[6] Det består av livlege, fire til fem minuttar lange rockesongar,[7] som, utanom dei bluesaktige «vampane» i «Bodhisattva» og «Show Biz Kids», er subtilt strukturert med jazzinspirerte mellomspel.[8] Countdown to Ecstasy var det einaste albumet skriven av Steely Dan for eit konsertband. «My Old School» har ærbødige blåsarar, aggresivt piano og gitarsoloar. «The Boston Rag» utvikla seg frå ein jazzaktig song til uraffinert spel av bandet, inkludert ein forvrengd gitarsolo av Jeff «Skunk» Baxter.[9] Trommespelet til Jim Hodder er meir pop- og jazzaktig enn rockeaktig.[10] Det vert nytta bop-aktige jazzsoloar blanda med pop på «Bodhisattva».[11] Tom Jull skreiv om stilen og produksjonen på albumet og kalla det «reint, nesten glatt, utan dissonans, utan rot», liknande 1940-tals bop og «overprodusert tidleg 60-tals poprock».[12]
Countdown to Ecstasy har òg tema som liknar på Can't Buy a Thrill.[7] Det utforskar tema som dopmisbruk, klassekamp og fråtsing på Vestkysten.[13] «My Old School» er inspirert av ein narkotikaarrest der Walter Becker og Donald Fagen var involvert på Bard College,[9] «King of the World» utforskar eit USA etter ein atomkrig og «Show Biz Kids» er ein satirisk tekst om livsstilen i Los Angeles på den tida.[14] Hull skildrar tekstane deira som «ein løpande samanlimt vits ... intelligent, vittig og snedig utspekulert», og nytta eit døme frå «Show Biz Kids»: «They got the booze they need / All that money can buy / They got the shapely bods / They got the Steely Dan T-shirt / And for the coup-de-gras / They're outrageous.»[12] «Your Gold Teeth» følgjer ein kvinneleg svindlar som brukar sin eigen attraktivitet og list.[15]
I følgje Rob Sheffield syner tekstane til Fagen og Becker på albumet Amerika som «eit stort Las Vegas, med gangsterar og guruar som kjempar om sjeler å stele.» Han ser på det som det første i ein trilogi av Steely Dan-album i lag med Pretzel Logic (1974) og Katy Lied (1975), der dei er «ein film noir-rundtur blant dekadente taparar, showbiz-folk og kokainmisbrukarar i L.A.»[16] Erik Adams i The A.V. Club skreiv at albumet er «ei mappe av lesekunnige avskum, den typen karakterstudiar som seier 'Ok, namnet Steely Dan er ein allusjon til ein dildo skildra i Naked Lunch.' Desse karakterane heng på gatehjørna i heile Steely Dan-diskografien, men dei kjem til sin rett på Countdown to Ecstasy».[17]
Andre songar utforskar meir andelege tema. Opningssongen «Bodhisattva» er ein parodi på ideen om at å gje frå seg alle eigedelane sine er ein føresetnad for andeleg opplysing. Tittelen referer til Bodhisattva, dei som trur at dei har oppnådd andeleg perfeksjon, men framleis er i den materielle verda for å hjelpe andre. «Razor Boy» er ein bitter, ironisk popsong med tekst som forsiktig kritiserer sjølvtilfredsheit og materialisme.[18] I følgje Ivan Kreilkamp i Spin, «snakkar Steely Dan til oss frå den 'kalde, vindfulle dagen' når det som er hipt og sexy fell bort og syner ein einsam person som ventar på ein ny dose. 'Will you still have a song to sing when the razor boy comes and takes your fancy things away?' spør Fagen ein generasjon bedøvd av nostalgi og sjølvengasjement».[18]
Albumet fekk tittel som ein spøk om forsøka på å rasjonalisere ein andeleg tilstand.[19] Det originale måleriet på omslaget vart laga av den dåverande kjærasten til Fagen, Dorothy White. ABC Records-direktøren Jay Lasker insisterte på at det måtte leggast til fleire figurar på omslaget då han meinte det var misvisande at det berre viste tre figurar når det var fem personar i bandet. Malen for plateomslaget vart seinare stolen under ein krangel om den endelege utsjånaden.[20] Baksida av omslaget syner ein orkidé omringa av bandet og utstyret deira.[12]
Countdown to Ecstasy kom ut i juli 1973 på ABC Records i USA og på Probe Records i Storbritannia. Det selde dårlegare enn Can't Buy a Thrill.[21] Albumet hadde heller ingen hitsinglar,[22] og nådde berre 35. plassen på Billboard 200.[5] Likevel låg det 34 veker inne på lista,[23] og selde etter kvart til gullplate i USA i 1978 for 500 000 selte eksemplar.[24]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [8] |
Chicago Tribune | [25] |
Christgau's Record Guide | A[26] |
Encyclopedia of Popular Music | [27] |
The Great Rock Diskografi | 8/10[28] |
MusicHound Rock | 3/5[29] |
Music Story | [30] |
Rolling Stone | [9] |
The Rolling Stone Album Guide | [31] |
Tom Hull – on the Web | A–[32] |
Countdown to Ecstasy fekk positive meldingar då det kom ut.[22] I august 1973 skreiv David Logan i Rolling Stone at trass i ordinær musikalitet og stundom absurde tekstar, er «kontrollen» Steely Dan har over rockeformatet sitt «forfriskande» og «lover godt for langvarig suksess for gruppa.»[7] Billboard likte «studioeffekten» ved å ha to gitaristar og meinte at «den storslåtte vokalblandinga» var fengande.[10] Stereo Review kalla det «eit verkeleg glimrande album med smarte og smakfulle arrangement, vinnande framføringar, songar av høg kvalitet og ei potent og overtydande blanding av rock, jazz og pop».[14] I Creem skreiv Robert Christgau om «studio-perfekte riff som knitrar og surrar når du høyrer hardt etter» og «alltid vondsinna» vokal som tryggar dei obskure tekstane deira.[33] Han kåra Countdown to Ecstasy til det niande beste albumet i 1973 på årslista si for Newsday.[34] Hull skreiv i ei melding i Overdose i april 1975 at albumet «kanskje det mest representative og i alle fall best realiserte» av den forvirrande blandinga til Steely Dan av glatt produksjon og intellektuelle tekstar. «Effekten er rar, merkeleg behageleg, nesten kvalmt», sa han og kalla bandet «ei farleg gruppe som ein må halde eit auge med».[12]
I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) skreiv Christgau at Steely Dan hadde oppnådd «ein villeiande og behageleg glatt studiolyd» og Christgau at Fagen ikkje passa like bra som vokalist som Palmer hadde gjort.[26] Paul Lester skreiv seinare at det var eit betre album enn debutplata og at «Becker og Fagen gav ein vond kritikk av det sjølvopptatte «meg»-tiåret, medan «blandinga deira av cool jazz og bebop, Brill Building-songar og rock stod utan sidestykke på den tida (berre britiske 10cc skapte slik intelligent pop tidleg i 70-åra).»[21] I sjølvbiografien sin frå 1999, A Cure for Gravity, skreiv den britiske musikaren Joe Jackson at Countdown to Ecstasy var ei musikalsk openberring for han, som danna ei bru mellom «rein pop» og jazzrock- og progressiv rock.[35] I The Rolling Stone Album Guide (2004), kalla Rob Sheffield Countdown to Ecstasy «et helt fantastisk, enormt innverknadsrikt album» med «kaldblodig L.A. studiorock lurt til med jazzpiano og tøff gitar.»[31] Pat Blashill skreiv seinare i Rolling Stone at «gleda i desse glimrande songane» og i spelinga til bandet synte Steely Dan som «menneskelege, ikkje berre nerdete,» «som gode parti av the Stones sitt Exile on Main St.»[9] AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine meinte at Countdown to Ecstasy musikalsk var «meir risikabelt» enn debutplata, og skreiv at songane er «rikdom av detaljar i musikken og tekstane som deira samtidige innan albumrock eller kunstrock berre kunne håpe på å matche.»[8] Chris Jones i BBC Music meinte ideane til Steely Dan var å vere «postmoderne» og «lærde», og hevda at dei «sette ein standard som få andre har klart å måle seg mot.»[13]
Countdown to Ecstasy har dukka opp fleire lister over tidenes beste album.[30] I 2000 vart det stemt til 307. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[36] Basert på slike rangeringar har samlenettsida Acclaimed Music plassert albumet på 662. plassen for tidenes beste album, 183. plassen for beste album frå 1970-åra og 23. plassen for 1973.[30]
Alle songar er skrivne av Walter Becker og Donald Fagen.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Bodhisattva» | 5:18 |
2. | «Razor Boy» | 3:11 |
3. | «The Boston Rag» | 5:40 |
4. | «Your Gold Teeth» | 7:02 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Show Biz Kids» | 5:26 |
2. | «My Old School» | 5:48 |
3. | «Pearl of the Quarter» | 3:50 |
4. | «King of the World» | 5:04 |
Total lengd: | 41:04 |
|
|
År | Liste | Plassering (US Billboard 200) |
---|---|---|
1973 | Pop Albums | 35 |
År | Singel | Selskap og nummer | Plassering (US Hot 100) |
---|---|---|---|
1973 | «My Old School» (B-side: «Pearl of the Quarter») | ABC 11396 | 63 |
1973 | «Show Biz Kids» (B-side: «Razor Boy») | ABC 11382 | 61 |
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
Singlar |
|
Samlealbum |
|
Tilknytte artiklar | |