Gaucho Studioalbum av Steely Dan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. november 1980 | |
Innspelt | 1978–1980 | |
Studio | Sigma Sound, Soundworks, Automated Sound, A&R i New York City; Village Recorders i Los Angeles; Produsent's Workshop i Hollywood | |
Sjanger |
| |
Lengd | 37:58 | |
Selskap | MCA | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
---|---|---|
Aja (1977) |
Gaucho | Alive in America (1995)
|
Singlar frå Gaucho | ||
|
Gaucho er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Steely Dan, gjeve ut 21. november 1980 på MCA Records. Som typisk var for bandet vart albumet spelt inn med ein hang for perfeksjonisme i studio og besette innspelingsteknikkar. [1][2] Bandet brukte minst 42 forskjellige musikarar, brukte over eitt år i studio og langt meir enn det opphavlege forskotet dei fekk av plateselskapet.[3] I 1982 vann albumet Grammyprisen for beste lyd for ikkje-klassisk musikk og vart nominert til årets album og beste popsong av ein duo eller gruppe med vokal.
I løpet av dei to åra då albumet vart spelt inn var bandet plaga av mange kunstnariske, personlege og profesjonelle problem.[4] MCA, Warner Bros. og Steely Dan hadde ein trevegs rettsstrid om rettane til å gje ut albumet. Etter det kom ut truga jazzmusikaren Keith Jarrett bandet med søksmål for plagiat på tittelsporet.
Gaucho markerte ei kraftig stilmessig endring for bandet, ved å introdusere eit meir minimalt groove- og stemningsbasert format. Dei harmonisk kompliserte akkordendringane som dominerte tidlegare Steely Dan-songar var mindre dominerande på Gaucho, og songane baserte seg meir på ein enkel rytme eller stemning, sjølv om det òg finst komplekse akkordprogresjonar her òg, særskild på «Babylon Sisters» og «Glamour Profession». Gaucho var det siste studioalbumet til Steely Dan på 20 år.
Innspelinga av albumet var plaga av mange problem. I 1978 hadde Donald Fagen og Walter Becker etablert seg sjølv som dei to einaste permanente medlemmane i Steely Dan, og brukte ei rekkje studiomusikarar til å spele inn songane dei skreiv i lag. Men arbeidsforholdet deira byrja å surne, stort sett på grunn av det aukande dopmisbruket til Becker.[4]
I løpet av innspelinga av Gaucho vart Becker råka av ein bil ein sein laurdagskveld då han gjekk heim til leilegheita si på Upper West Side.[5][6] Becker klarte å skubbe kvinna han var med bort frå faren, men fekk sjølv fleire brot i eine beinet og andre skadar.[5][6] Dei neste seks månadane fekk han sekundære infeksjonar som følgje av skadane.[7][5] Medan Becker var på sjukehuset, fortsette han og Fagen det musikalske samarbeidet via telefon.[6]
Dei personlege problema til Becker fortsette då kjærasten hans, Karen Roberta Stanley, døydde av ein overdose i heimen hans den 30. januar 1980.[8][9] Familien hennar saksøkte han for 17,5 millionar amerikanske dollar i januar 1981, då dei hevda det var han som hadde introdusert kvinna for kokain, morfin, barbiturat og heroin.[9] Becker vann seinare saka i retten.
I følgje Mike Powell i Stylus Magazine kombinerer Gaucho «bitter, poetisk kynisme med frittsvingande jazzrock»,[10] medan Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic sa det «i røynda etterliknar den glatte jazzpopen på Aja, men utan den mørke, forførariske romansen eller elegante auraen».[11] Musikkskribenten Paul Sexton skreiv at medan Aja hadde «annonsert den stadig vidare utforskinga deira av jazz», er Gaucho «yacht rock-meisterverket deira».[12]
Hal Leonard sitt Best of Steely Dan forklarer at Gaucho er «eit konseptalbum med sju ikkje-samanhengande soger om blivande hipster-folk.»[13] Teksten på «Hey Nineteen» handlar om ein aldrande hipster som prøver å sjekke opp ei jente som er så ung at ho ikkje veit at det er «'Retha Franklin» som speler på stereoen.[14] Songen avsluttar med den tvitydige linja «The Cuervo Gold, the fine Colombian, make tonight a wonderful thing», og let det vere opp til lyttaren å avgjere om forteljaren tar tequila og dop i lag med kjærasten sin, eller om han i røynda er aleine.[14][15]
Stewart Mason i AllMusic sa at «Time Out of Mind» er «ein svakt tilslørt song om heroin, spesifikt den første opplevinga til ein ung mann med dopet i hendene på ein pretensiøs, pseudo-religiøs eksentrikar som snakkar om å 'jage draken' med 'ein mystisk sfære direkte frå Lhasa.'»[16] I følgje Ian MacDonald er «to songar om horer, to om kokainseljarar, og ein femte forsøket på å stoppe ein tvilsam ekteskapskrangel. Det som kompenserer alt saman er humor og kunstnarskap. Tekstane utstråler både klasse og underklasse, medan musikken er plettfri».[17]
Keith Jarrett saksøkte Becker og Fagen for brot på opphavsretten på tittelsporet på albumet og hevda at dei plagierte «Long As You Know You're Living Yours» frå albumet hans Belonging frå 1973. Som følgje av dette har Jarrett sidan blitt oppført som medlåtskrivar på sporet.[18] I eit intervju etter Gaucho vart utgjeve, sa Fagen at han elska Jarrett-sporet det var snakk om og nok hadde vore kraftig påverka av dette.[19]
På Aja frå 1977, hadde duoen blitt vant til å spele med studiomusikarar frå Los Angeles. Innspelinga for Gaucho byrja i New York City i 1978.[7] Overgangen til musikarar frå New York City under innspelinga av Gaucho viste seg å bli vanskeleg, fordi musikarane ikkje var like entusiastiske for den besette, perfeksjonistiske innspelingsstilen til Becker og Fagen.
Fagen og Becker henta Mark Knopfler til å spele gitarsoloen på «Time Out of Mind» etter å ha høyrt han spele på Dire Straits-hitten «Sultans of Swing». Knofpler spelte i fleire timar på innspelinga, men bidraga hans på plata er berre kring 40 sekund.
Miksinga av albumet var like vanskeleg som innspelinga. Det tok Becker, Fagen, Nichols og Katz meir enn 55 forsøk på å fullføre ein miks dei var nøgd med av den 50 sekundar lange uttoninga av «Babylon Sisters».[5][20]
Sjølv om studiomusikarane henta inn for å spele på Gaucho var blant dei beste frå både Aust- og Vestkysten, var Fagen og Becker likevel ikkje nøgd med grunnspora på somme av songane, særskild med tanke på timinga på trommespora.[21] I eit intervju frå 2006 for Sound On Sound Magazine, fortalte Donald Fagen at han og Becker sa til lydteknikaren Roger Nichols:
Nichols kalla trommemaskinen «Wendel».[21] Sidan fekk Wendel derfor ei platinaplate.
I følgje Ken Micallef i ein artikkel i Modern Drummer, består trommesporet på titteslporet av 46 ulike opptak. Trommeslagaren på denne innspelinga, Jeff Porcaro, har fortalt:
Trommisen Bernard Purdie spelte sin signaturrytme, ein shufflerytme på halvt tempo, «The Purdie Shuffle», på «Babylon Sisters».
«The Second Arrangement» var ein song som var blitt ein favoritt hos produsenten Gary Katz og Nichols.[24] Seint i desember 1979, etter fleire veker med arbeid på dette sporet, vart kring tre fjerdedelar av songen sletta av ein assisterande lydteknikar ved eit uhell, då Katz hadde bede om å gjere sporet klar for gjennomlytting.[4][24] Bandet prøvde å spele inn songen på ny, men skrinla til slutt songen heilt.[24]
Steely Dan-biografen Brian Sweet har skrive at gruppa gav opp songen til fordel for «Third World Man».[25] «The Second Arrangement» vart første gongen spelt på ein konsert av Steely Dan den 17. september 2011, men ei studioinnspeling av songen er aldri gjeven ut.[24] Det finst derimot fleire demoar og unytta opptak av songen på uoffisielle plater.[26]
I tillegg til «The Second Arrangement», vart det skrive fleire songar som ikkje kom med på det endelege albumet. Somme av dei finst på ei piratkopiplate kalla The Lost Gaucho, med tidlege innspelingar for albumet. Songtitlane er mellom anna «Kind Spirit», «Kulee Baba», «The Bear» og «Talkin' About My Home», i tillegg til «The Second Arrangement».[25] Ein tidleg versjon av «Third World Man», med anna tekst, finst under tittelen «Were You Blind That Day».[25] Denne innspelinga er frå tida kring Aja-innspelinga.
Plateomslaget er basert på ein veggplakett der det stod «Guardia Vieja – Tango» i eit område sør i Buenos Aires kalla Caminito, av den argentinske kunstnaren Israel Hoffmann.[27]
Like før albumet kom ut, hadde bandet ein ny krangel med MCA om utsalsprisen. MCA ønskte å gjere Steely Dan til ein test for den nye «superstjernepris»-planen deira, der nye album av toppseljande artistar skulle gå for 9,98 dollar, ein dollar meir enn andre artistar.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [11] |
Chicago Tribune | [28] |
Christgau's Record Guide | B−[29] |
Encyclopedia of Popular Music | [30] |
The Great Rock Diskografi | 6/10[31] |
MusicHound Rock | 1/5[32] |
Pitchfork | 9.4/10[33] |
Rolling Stone | [34] |
The Rolling Stone Album Guide | [35] |
Tom Hull – on the Web | B+[36] |
Albumet fekk stort sett god kritikk då det kom. Ariel Swartley i Rolling Stone sa om albumet: «Etter fleire år med dvale i studio, var metamorfosen som byrja med The Royal Scam komplett. Steely Dan har perfeksjonert det estetiske i lokkinga.»[34] The New York Times skreiv positivt om Gaucho,[37] og meinte seinare det var det beste albumet frå 1980, føre Talking Heads-albumet Remain in Light og Joy Division-albumet Closer.[38]
Den andre utgåva av The Rolling Stone Album Guide gav Gaucho berre 1 av 5 stjerner. Kritikaren Dave Marsh kalla det «den typen musikk som går for å vere jazz i salongar på Holiday Inn, med den typen tekst som går for å vere poesi i førsteårs engelskklassar.»[39] Robert Christgau i The Village Voice skreiv «Sjølv songen med Aretha i seg gjev truverd til rykte om at plata opphavleg skulle heite Countdown to Lethargy.»[29] I 2000 vart det plassert på 504. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[40]
I ei seinare melding for AllMusic skreiv Stephen Thomas Erlewine at sjølv om Gaucho lydmessig var lik Aja, er musikken så fullstendig innøvd til eit punkt der det manglar kjenslemessig resonans, i tillegg til dårlegare låtskriving, utanom på høgdepunkta «Babylon Sisters», «Time Out of Mind» og «Hey Nineteen». Dette gjorde «resten av dei blanke og bølgjande fusion-songane på albumet verdt det».[11] David Sakowski i PopMatters hylla albumet som ein «klassikar» som i stor grad «er gått tapt i skuggen av Aja og endringar i musikksmaken til folk».[41]
Albumet nådde niandeplassen på den amerikanske albumlista og selde til platinaplate. «Hey Nineteen» nådde tiandeplassen på den amerikanske singellista, og gjekk til topps i Canada. Albumet nådde 27. plassen på UK Albums Chart.
Alle songar skrivne av Walter Becker og Donald Fagen, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Babylon Sisters» | 5:49 |
2. | «Hey Nineteen» | 5:06 |
3. | «Glamour Profession» | 7:29 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
4. | «Gaucho» | Becker, Fagen, Keith Jarrett | 5:32 |
5. | «Time Out of Mind» | 4:13 | |
6. | «My Rival» | 4:34 | |
7. | «Third World Man» | 5:15 |
År | Liste | Peak position |
---|---|---|
1980 | UK Albums | 27 |
1981 | Black Albums | 19 |
Pop Albums | 9 |
År | Singel | Selskap & nummer | Liste | Plassering |
---|---|---|---|---|
1981 | «Hey Nineteen» (B-side: «Bodhisattva» (live)) | MCA 51036 | US Black Singles | 68 |
«Hey Nineteen» | US Pop Singles | 10 | ||
«Time Out of Mind» | MCA 51082 | 22 | ||
«Time Out of Mind» (B-side: «Bodhisattva» (live)) | US Adult Contemporary | 13 | ||
US Mainstream Rock | 13 | |||
Canada RPM Top Singles | 42 |
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
Singlar |
|
Samlealbum |
|
Tilknytte artiklar | |