Pretzel Logic Singel av Steely Dan frå albumet Pretzel Logic | ||
B-side |
Through with Buzz | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. juni 1974 | |
Innspelt | Oktober 1973 til januar 1974 | |
Sjanger | Bluesrock | |
Lengd | 3:59 (singel) 4:28 (album) | |
Selskap | ABC / Probe[1] | |
Komponist | Walter Becker, Donald Fagen | |
Tekstforfattar | Walter Becker, Donald Fagen | |
Låtskrivar(ar) | Walter Becker, Donald Fagen | |
Produsent | Gary Katz[2] | |
Steely Dan-kronologi | ||
«Rikki Don't Lose That Number» (1974) |
Pretzel Logic | «Black Friday» (1975)
|
«Pretzel Logic» er ein song skriven av Walter Becker og Donald Fagen, gjeven ut på singel av Steely Dan for albumet Pretzel Logic, opphavleg gjeven ut i 1974 av ABC Records.[3] Han nådde 57. plassen på Billboard-lista.[4]
Billboard skildra «Pretzel Logic» som ein «bluesaktig rockehit» og roste vokalen, produksjonen og «det fengande instrumentale refrenget.[5] Rolling Stone-kritikaren Bud Scoppa skildra «Pretzel Logic» som ein av dei meir ordinære songane på albumet og kalla han ein «modifisert blues».[6]
I 1987 vart songen spelt av Hiram Bullock på albumet sitt Give It What You Got.
Eit konsertopptak av INXS vart spelt inn på konserten Moontan Double J Concert At Manly Vale Hotel, October 1980. Ei innspeling finst på samleplata Stay Young 1979–1982.
New York Rock and Soul Revue spelte han inn i 1991, leia av Donald Fagen.
Songen vart framført av The Warren Haynes Band, frå Allman Brothers Band og Gov't Mule-leiaren Warren Haynes, som han skipa i 2010. I 2012 vart songen gjeven ut på albumet deira Live at The Moody Theater.
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
Singlar |
|
Samlealbum |
|
Tilknytte artiklar | |