Kid Charlemagne Singel av Steely Dan frå albumet The Royal Scam | ||
B-side |
Green Earrings | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1976 | |
Sjanger | Funkrock, poprock, jazzfusion, jazzrock | |
Lengd | 4:38 | |
Selskap | ABC | |
Tekstforfattar | Walter Becker | |
Låtskrivar(ar) | Walter Becker, Donald Fagen | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
«Bad Sneakers» (1975) |
Kid Charlemagne | «The Fez» (1976)
|
«Kid Charlemagne» er ein song av den amerikanske rockegruppa Steely Dan, som kom ut på singel i 1976 frå albumet deira The Royal Scam. Singelen nådde 82. plassen på Billboard-lista.[1] Der er ei blanding av ein funkrytme og jazzharmoniar med rock and roll-instrumentering og tekststil. Gitarsoloen av jazzfusion-gitaristen Larry Carlton vart rangert på 80. plassen på lista over dei 100 beste gitarsoloane hos Rolling Stone, som skreiv at «Seint i 1970-åra laga Steely Dan plater ved hjelp av ei rekkje, dyktige studiomusikarar i opptak etter opptak skapte ei endelaus rekkje med gitarsoloar som gjev ein hakeslepp. Larry Carlton kosmiske jazzsolo i fleire lag på dette sporet kan vere den beste av die alle: Han er så kompleks at det er ein song i seg sjølv.»[2]
Teksten fortel soga om korleis ein dopseljar kjem seg opp, før han fell ned i eit psykedelisk miljø i 1960-åra på Vestkysten i USA. Walter Becker og Donald Fagen, som skreiv songen, har sagt at teksten var laust basert på LSD-kjemikaren Owsley Stanley frå San Francisco.[3]
Studioalbum |
|
---|---|
Konsertalbum |
|
Singlar |
|
Samlealbum |
|
Tilknytte artiklar | |