Ultimate Kylie Video av Kylie Minogue | ||
Utgjeve | 22. november 2002 | |
Innspelt | 1988–2004 | |
Sjanger | Pop, dansepop, synthpop, electropop, eurodance, R&B | |
Selskap | EMI (Europe) Warner Music (Australia/New Zealand) | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
---|---|---|
Kylie Minogue: Artist Collection (2004) |
Ultimate Kylie | Kylie Showgirl (2005)
|
Ultimate Kylie er ein DVD utgjeven samstundes med samlealbumet Ultimate Kylie av Kylie Minogue, og inneheld alle musikkvideoane frå studioalbuma hennar. Han inneheld òg ei framføring av «Can't Get Blue Monday Out of My Head» på BRIT Awards i 2002.
Reklamane for albumet og DVD-en hevda at dei inneheld alle singlane Minogue har gjeve ut i Australia og Storbritannia, noko som ikkje er heilt korrekt. Fleire songar er ikkje med på DVD-en. Frå debutalbumet Kylie vart songane «It's No Secret» og «Turn It into Love» ikkje inkludert, medan det ikkje vart gjeve ut noko musikkvideo til «Turn It into Love». Dei fleste av songane hennar frå Let's Get to It vart utelatne, og berre «Give Me Just a Little More Time» frå det albumet er inkludert på DVD-en.
Toppliste | Listeplassering | Sertifisering |
---|---|---|
Australia[1] (ARIA) | 4 | 3× Platina |
Storbritannia (BPI) | 4 | 2× Platina |