Dovrebanen er elektrifisert på heile strekninga. Banen blir rekna for å vere av dei mest trafikkerte i NSB sitt rutenett.
To andre jarnbaner i kvar sin lut av landet er knytt til Dovrebanen. Mellom Hamar stasjon på Dovrebanen går Rørosbanen via Elverum, Østerdalen og Røros til Støren stasjon på Dovrebanen, og frå Dombås stasjon på Dovrebanen går Raumabanen over Lesja og ned Romsdalen til endestasjonen på Åndalsnes. Desse to banene er ikkje elektrifiserte, men segmentet Hamar-Elverum på Rørosbanen er foreslått elektrifisert i Nasjonal transportplan 2018-2019.
Forhistorie
Bygginga av det som til slutt vart Dovrebanen gjekk føre seg over 70 år:
1851 - Bygging av Norsk Hoved-Jernbane (NHJ), Hovedbanen, mellom Oslo og Eidsvoll tok til 8. august.
2015 - Minnesund-Kleverud bygd om til dobbeltspor.
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. (2019)