Tog på Fagernes stasjon i juni 1986

Valdresbanen er ein nedlagt sidebane av Gjøvikbanen. Han gjekk frå Eina stasjon til endestasjonen Fagernes. Valdresbanen vart ferdigstilt i 1906 og hadde ei lengde på 109 km. I starten var banen privat, men vart overteken av NSB frå 1937 til rutetoga vart innstilt i 1988. Skjenegangen nærmast Fagernes er no fjerna. Det har i seinare år gått turisttog mellom Eina og Dokka.

Aksjeselskapet AS Valdresbanen vart skipa i 1991 for å stå for drift av turisttog og chartertog på Valdresbanen, og for utleige av dresinar (skjenesyklar) til bruk på nokre strekningar av banen. Ei foreining, Foreningen Nye Valdresbanen, har som føremål å fremje interessa for banen og utvikle han som turistbane, og har som overordna mål å få i gang att ordinær togdrift på banen [1].

Linjekart

Teiknforklaring
208,97 km Fagernes (1906 - 1989) 360,0 moh.
206,84 km Fagernestunnelen (80 m)
Riksveg 51
204,97 km Leira i Valdres (1906 - 1989) 372,0 moh.
Fv220
196,20 km Aurdal (1905 - 1989) 457,40 moh.
Europaveg 16
sporet er fjerna hit
190,96 km Bjørgo (1905 - 1989) 510,0 moh.
178,37 km Tonsåsen (1903 - 1989) 682,0 moh.
Fv219
172,92 km Høgberget (1948 - 1956)
172,84 km Høgberget (784 m)
Fv234
165,85 km Etna (1904 - 1989) 479,7 moh.
160,17 km Håkonstad (115 m)
154,81 km Nordsinni stasjon (1904 - 1989) 267,0 moh.
Fv187
148,97 km Dokka (60 m)
Fylkesveg 33
148,59 km Dølveita (30 m)
Riksveg 250
147,91 km Dokka (1902 - 1989) 148,5 moh.
Riksvei 33
143,40 km Åvella (1937 - 1970)
140,20 km Odnes (1902 - 1989) 138,6 moh.
137,76 km Kronborg (1939 - 1970)
133,93 km Fluberg (1902 - 1989) 154,8 moh.
Fv139
132,34 km Riksveg 34 (44 m)
131,44 km Steinsvoll (1969 - 1970)
128,95 km Bjørnerud (1905 - 1989) 175,2 moh.
127,79 km Gabrielstugua (1939 - 1970)
126,29 km Kluke (1937 - 1939)
Fv130
124,16 km Hov (1902 - 1989) 233,5 moh.
Riksvei 247
122,58 km Klinkenberg (1937 - 1970)
120,73 km Fall (1902 - 1989) 299,2 moh.
Fv114
119,09 km Opperud (1937 - 1952)
115,81 km Skrukli (1902 - 1989) 393,0 moh.
111,67 km Halmrastsæter (1937 - 1970)
109,14 km Trevatn (1902 - 1989) 385,5 moh.
107,09 km Vestli (1937 - 1952)
106,01 km Røste (1969 - 1970)
Raufoss Ammunisjon sidespor (2 lastespor)
105,28 km
102,02 km Langvika (21 m)
Gjøvikbanen frå Roa stasjon
100,89 km Eina stasjon (1901) 401,8 moh.
til Gjøvik stasjon

Fotnotar

Litteratur

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.